450 millionar kroner frå Det europeiske forsvarsfondet til Noreg

I dag vart det klart kva prosjekt som vil få støtte gjennom Det europeiske forsvarsfondet (EDF) for 2022. Totalt har norske aktørar vunne oppdrag for om lag 450 millionar kroner i prosjektstøtte. Prosjektstøtta gjer det mogleg for norske forskingsmiljø og industri å delta i heile 19 forsking- og utviklingsprosjekt.

EDF er eitt av fleire EU-initiativ som skal forbetra forsvarssamarbeidet mellom medlemslanda. Noreg deltek i EDF gjennom EØS-avtalen.

- Det er all grunn til å rosa norsk forsvarsindustri og forskingsmiljø for dette. Eg håpar bedriftene kan bruka deltakinga for å sikra innpass for fleire norske forsvarsprodukt på den europeiske marknaden, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp).

Hovudmålsetjinga med norsk EDF-deltaking er å støtta utvikling av systemlikskap og teknologi som gjer forsvaret betre i stand til å samvirke. Prosjektstøtta opnar for at norsk forsvarsindustri får større innpass for produkta sine hos dei store leverandørane i Europa, samtidig som det bidreg til å gjera neste generasjon av Forsvarets utstyr betre og meir tilpassa Nato-operasjonar. 

- Me veit at satsing på forsking og utvikling no vil vera avgjerande for langsiktig norsk forsvarsevne. Krigen i Ukraina har vist oss kor viktig innovasjon er i møte med ein større motstandar. Dette resultatet vil utvilsamt auka innovasjonstakten i norsk forsvarsretta forsking og utvikling, seier forsvarsministeren.

Årets resultat var også positivt for norske små- og mellomstore bedrifter, og heile elleve nye småbedrifter får no delta i EDF-prosjekt.

- Me veit kor viktige dei små- og mellomstore bedriftene er for nytenking og lokal verdiskaping. Deltaking i EDF gir dei ein rimeleg unik tilgang på finansiering, kunnskap og nettverk, seier forsvarsminister Gram.