Statsbudsjettet

Gåveforsterking og skatteinsentiv

Kulturdepartementet foreslår at gåveforsterkingsordninga blir styrkt med 20 millionar kroner. Dette gir eit samla forslag til løyving på 30,3 millionar kroner i 2015.

Kulturdepartementet foreslår at gåveforsterkingsordninga blir styrkt med 20 millionar kroner. Dette gir eit samla forslag til løyving på 30,3 millionar kroner i 2015.

- Vi vil styrkje og vidareutvikle den nye gåveforsterkingsordninga. Regjeringa ønskjer meir privat finansiering og meir private pengar i norsk kulturliv. Skatteinsentiv for å sikre større økonomisk deltaking frå næringslivet i kulturlivet er det neste verkemiddelet regjeringa ser nærare på, seier kulturminister Thorhild Widvey.

Regjeringa innførte i 2014 ei gåveforsterkingsordning for å stimulere til auka privat finansiering av kunst og kultur gjennom pengegåver. Staten gir eit tillegg på 25 prosent av gåvesummen ved private pengegåver til kunstinnkjøp til nasjonale og regionale kunstmuseum og pengegåver for å setje i stand norske museumsanlegg. På grunn av stor interesse og oppslutning om ordninga i 2014, vil regjeringa styrkje og utvikle ordninga vidare i 2015.

Kulturdepartementet vil saman med Finansdepartementet vurdere nærare ulike skatteinsentiv og gåveforsterkingsordningar som kan utløyse meir privat kapital i kulturlivet.

- Meir privat kapital gir kulturlivet eit breiare grunnlag for finansiering og på sikt større sjølvstende. Men like viktig er den gjensidige nytta og auka forståinga næringsliv og kulturliv  kan få gjennom meir kontakt og tettare samarbeid, seier Widvey.