Statsbudsjettet 2024

Pressemeldingar
Statsbudsjettet 2024

Aukar grunnstøtta til barne- og ungdomsorganisasjonane

Barne- og ungdomsorganisasjonane er viktige for å sikre gode oppvekstvilkår for alle barn og unge. Etter ein vanskeleg periode med pandemi og høg prisstigning står mange av barne- og ungdomsorganisasjonane i ein krevjande situasjon. Derfor føreslår regjeringa å auke grunnstøtta til organisasjonane med 10 millionar kroner.

– Barne- og ungdomsorganisasjonane er heilt avgjerande for å hindre utanforskap, og for å leggje til rette for at barn og ungdom over heile landet skal kunne delta i aktivitet, engasjere seg og få sin stemme høyrt, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).

Med styrkinga på 10 millionar kroner, blir det samlede tilskotet til nasjonal grunnstøtte på om lag 183 millionar kroner.

Konsekvensar av pandemien og høg prisstigning har sett mange barne- og ungdomsorganisasjonar i ein krevjande situasjon. Ei auke av grunnstøtta vil styrkje organisasjonane sin kapasitet til mellom anna å rekruttere barn og ungdom tilbake i aktivitet etter pandemien, gi opplæring til nye frivillige og å leggje til rette for aktivitet over heile landet.

– Dette er derfor viktige midlar for organisasjonane og for å sikre barn og unge gode oppvekstvilkår, seier Toppe.

Grunnstøtta framhevast av barne- og ungdomsfrivilligheita som deira viktigaste støtteordning, og ei auke av støtta vil betre rammevilkåra deira.

Den nasjonale grunnstøtta er frie midlar til landsdekkjande barne- og ungdomsorganisasjonar og kan brukast til drift. Den støttar opp om organisasjonane som ein arena for aktivitet, fellesskap og medverknad kor barn og unge kan få erfaring med demokratiske prosessar.