Historisk arkiv

Autonome og samankopla køyretøy: Felleserklæringar med Sverige og Finland om vidare samarbeid og testing er underteikna

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Samferdselsdepartementet

- Autonome og samankopla køyretøy kan gi oss styrkt trafikktryggleik, betre utnytting av veginfrastrukturen, reduserte transportkostnader og ein meir miljøvennleg vegtrafikk. For å leggje til rette for ei slik utvikling, har vi i dag skrive under felleserklæringar med Sverige og Finland om vidare samarbeid og tilrettelegging for uttesting. I lag med Finland har Noreg eit samarbeid om grensekryssande uttesting på E8. Vi tar sikte på å starte opp tidleg i 2018, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Samferdselsministeren har underteikna felleserklæringane med sin svenske og finske kollega i samband med eit ministermøte om autonome og samankopla køyretøy i Frankfurt. Møtet følgjer mellom anna opp EU-arrangementet Digital Day i Roma tidlegare i år. I den italienske hovudstaden skreiv Noreg og 18 andre land under på eit intensjonsbrev om testing av teknologi for denne typen køyretøy. 

Heilt avgjerande med testing
- For å utnytte potensialet som dei sjølvkøyrande bilane kan utløyse, er det heilt avgjerande med omfattande testing av køyretøy, veginfrastruktur og digital infrastruktur. Dette vil gi oss viktig kunnskap om kva for effektar køyretøya vil ha for mellom anna trafikktryggleik og framkome. Med  grensekryssande person- og godstransport er det både naturleg og naudsynt å teste i lag med andre land. Dette gjeld ikkje minst Sverige og Finland, som er dei to nordiske nabolanda som Noreg har vegsamband til, seier samferdselsministeren.    

Saman med Sverige og Finland skal Noreg vidareutvikle samarbeidet og leggje til rette for å teste teknologi på grensekryssande vegar, mellom anna på delstrekningar på E8 og E6. 

Testing på E8 mellom Noreg og Finland frå 2018
E8 er ein viktig veg for transport av fisk mellom Noreg og Finland. På norsk side er delar av vegen smal, med utfordrande kurvatur. I kombinasjon med arktisk vêr er difor E8 godt eigna til å teste ut teknologi for sjølvkøyrande bilar under forhold som ein ikkje finn enkelt på andre stader. E8 blir no utstyrt med teknologi for å gjennomføre testing, med tentativ prosjektstart i januar 2018.

Lovforslag om testing av sjølvkøyrande bilar
Tidlegare i år la regjeringa fram eit lovforslag om testing av autonome køyrety i Noreg. Det er venta at forslaget vil bli behandla av Stortinget i løpet av hausten 2017.  


For fleire opplysningar – sjå:

  • Felleserklæring med Sverige og Finland om vidare samarbeid om og tilrettelegging for autonome og kommuniserande køyretøy
  • Felleserklæring med Finland om testing av autonome og kommuniserande køyretøy på E8 
  • Pressemelding av 16. juni 2017 om lovforslag om å teste ut sjølvkøyrande køyretøy 
  • Nyheit av 23. mars 2017 om signering av intensjonsbrev om testing av sjølvkøyrande bilar