Dagens forvaltningsregime for kongeørn og havørn ligg fast

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Dagens forvaltningsregime for kongeørn og havørn er ikkje endra slik NRK Dagsrevyen melde om 7. juni 2022. Departementet meiner det er viktig å få meir kunnskap om kongeørn og tamrein. For å få til dette, er det eit ønske å få sett i gang eit forskingsprosjekt.

Klima- og miljødepartementet har jobba for å få plass eit forskingsprosjekt som kan bidra til å skaffe meir kunnskap om tap av tamrein generelt og då særleg tap til kongeørn.
Dette som ledd i oppfølginga av ein fleirtalsmerknad frå Stortingets behandling av eit representantforslag, jf. Innst. 335 S (2015-2016).

Miljødirektoratet har hatt det faglege ansvaret med å få i gang eit slikt forskingsprosjekt. Det har ikkje lykkast å få etablert dette.

For å komme vidare med dette viktige forskingsprosjektet vart det i samband med årets reindriftsavtale tatt inn eit punkt om at Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) skulle inviterast til ein dialog om forskingsprosjektet. Ei slik invitasjon er send frå Klima- og miljødepartementet, og vi ser no fram til ein nærare dialog med NRL om saka.