Statsbudsjettet 2021:

Eit løft for kulturen i Bergen og Vestland

I samband med budsjettforslaget for 2021 ønsker regjeringa å styrke kulturlivet i Bergen og Vestland på fleire område. Ein auke på over 45 millionar kroner omfattar mellom anna teater, musea og dataspel.

– Eg vil arbeide for ein kulturpolitikk som omfattar heile landet. Kulturinstitusjonane i Bergen representerer ein viktig del av den norske kulturarven, og ikkje minst ei sentral del av norsk kulturliv i dag, seier kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja.

– Eg har vore mykje i Bergen og Vestland som kultur- og likestillingsminister, og eg har sett at det er behov for eit krafttak slik at institusjonane kan halde fram med samfunnsoppdraget sitt. Eg er opptatt av at Bergen skal ha robuste kulturinstitusjonar og at verdifulle kulturhistoriske bygningar vert tekne godt vare på, seier kultur- og likestillingsministeren.

Regjeringa gjer framlegg om å styrkje kulturlivet i Bergen på følgande område:

Museum

KODE, 9,5 millionar til vedlikehald av Ole Bulls villa Lysøen i Bjørnafjord kommune.

Musikk- og scenekunstinstitusjonar

Den Nationale Scene, 10 millionar kroner til nye mellombelse prøvelokalar og verkstader.

Bergen Dansesenter, auke i driftstilskot på 250 000 kroner.

Språk og litteratur

4 millionar kroner til utvikling og drift av prosjektet Termportalen ved Universitetet i Bergen, fordelt med 2 millionar kroner frå Kulturdepartementet og 2 millionar kronar frå Kunnskapsdepartementet. Tiltaket skal medverka til å styrkje norsk fagspråk.

Litteraturhuset i Bergen - ein auke på 300 000 kroner.

Covid-19

Den Nationale Scene, 8,2 millionar kroner

KODE Kunstmuseer og komponisthjem, 6 millionar kroner

Musikkselskapet Harmonien, 3,1 millionar kroner

Det Vestnorske Teateret, 2,9 millionar kroner

Museum Vest, auke på 2,1 millionar kroner

Bymuseet i Bergen, 1,6 millionar kroner

Museumssenteret i Hordaland, auke på 550 000 kroner

Bergen Nasjonale Opera, 380 000 kroner

Bergen Kunsthall, 120 000 kroner

BIT Teatergarasjen, 90 000 kroner

Carte Blanche, 100 000 kroner

Anna

Regjeringa ønsker å styrkje satsinga på dataspel og gjer framlegg om ei eingongsløyving på 200 000 kroner i oppstartsmidlar til Dataspillsenteret – norsk senter for spillutvikling i Bergen.

200 000 kroner til Balansekunst for å etablere ny verksemd i Bergen.