Endringar i regelverket om vindkraft skal gi betre lokal forankring

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa foreslår endringar i energilova og plan- og bygningslova for å styrkje den kommunale råderetten ved etablering av vindkraft på land. I forslaget blir det lagt opp til å innføre eit krav om arealavklaring etter plan- og bygningslova, i form av områderegulering, før det kan bli gitt konsesjon.

– No flyttar vi makt til kommunane. Ingen konsesjonssøknad for vindkraftverk på land vil bli ferdigbehandla før kommunen har gjennomført ei områderegulering, seier olje- og energiminister Terje Aasland.

Forslaget inneber endringar i avgjerdsprosessane. Kommunane har til no stort sett teke stilling til vindkraftutbygging i kommunen i samband med konsesjonsbehandlinga. Den formelle planavklaringa har ofte skjedd ved dispensasjon eller planendring etter at konsesjonen er gitt. No vil regjeringa at det skal gjerast ei overordna arealavklaring etter plan- og bygningslova gjennom ei områderegulering før det blir gitt konsesjon. Det kan ikkje lenger bli gitt konsesjon med verknad som statleg plan.

– Auka involvering frå kommunar og folkevalde over prosessane knytt til vindkraft vil redusere konfliktnivået i vindkraftsaker. Godt samarbeid mellom utbyggjar og kommune blir endå viktigare, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Det nye regelverket er utforma slik at det ikkje fører til unødvendig dobbeltbehandling. Konsesjonsbehandlinga av vindkraft skal førast vidare som ei heilskapleg avveging av alle fordelar og ulemper ved prosjektet.

I tillegg til dette lovforslaget har Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) og andre etatar oppdatert kunnskapsgrunnlaget om effektar av vindkraft. Det blir no jobba vidare med nye standardvilkår for konsesjonar, nye krav til konsekvensutgreiing og vurderingar av korleis landskap, miljø, samfunn og naboar kan bli sterkare vektlagt i konsesjonsbehandlinga.

– Vi treng meir kraftproduksjon over heile landet, men vi gjer dette på lag med kommunane, ikkje mot kommunane. Det viser vi tydeleg med dette vedtaket, seier Terje Aasland.

Stortinget slutta seg til ei rekkje endringar i konsesjonsbehandlinga for vindkraft då vindkraftmeldinga vart behandla i 2020. Stortinget bad samtidig den då sitjande regjeringa om å fremje eit forslag om å innlemme vindkraft i plan- og bygningslova. Lovforslaget som no blir fremja er utarbeidd i fellesskap av Olje- og energidepartementet og Kommunal- og distriktsdepartementet.