Forsida

Vil gi kommunane større makt i vindkraftsaker

Regjeringa vil styrke rolla til kommunane i planlegging og utbygging av vindkraft på land. Kommunal- og distriktsdepartementet og Olje- og energidepartementet foreslår mellom anna å innføre krav om områderegulering etter plan- og bygningslova før det kan bli gitt konsesjon etter energilova.

– Vi vil gi lokale folkevalde meir kontroll i prosessar knytt til utbygging av vindkraft på land. Auka involvering av kommunar og lokalsamfunn er nødvendig for å gi legitimitet til prosessane, betre lokal forankring og betre tilpassa løysingar, seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Forslaget om endringar i energilova og plan- og bygningslova for etablering av vindkraftverk på land blir no sendt på høyring. Høyringsnotatet følgjer opp oppmodningsvedtak frå Stortinget der regjeringa blir bedt om å fremje eit forslag om å innlemme planlegging og bygging av vindkraftverk i plan- og bygningslova.

– No flyttar vi makt til kommunane. Dette vil gi meir føreseielege rammer for utbygging av vindkraft og det vil bidra til å redusere konfliktnivået i vindkraftsaker. Målet er å leggje grunnlag for meir utbygging av vindkraft mellom anna for å styrke kraftbalansen og nå dei nasjonale klimamåla, seier olje- og energiminister Terje Aasland (Ap).

– Etter at det var stopp i tre år starta vi med konsesjonsbehandling av nye vindkraftverk igjen i fjor. Men vi har heile tida sagt at vi skal gjere dette med kommunane, ikkje mot kommunane. Dette er eit godt døme på det, seier Aasland.

Forslaga betyr ei endring i avgjerdsprosessane. Kommunane har til no som oftast teke stilling til vindkraft ved høyring av konsesjonsprosessane, mens den formelle planavklaringa har skjedd ved dispensasjon eller endring av plan.

No foreslår regjeringa at det skal gjerast ei overordna avklaring av arealbruken etter plan- og bygningslova gjennom områderegulering – før det blir gitt konsesjon.

Mål om effektive og ressurssparande prosessar er viktige omsyn i forslaget frå departementa. Konsesjonsbehandlinga av vindkraft skal haldast oppe som ei heilskapleg samfunnsøkonomisk avveging av alle fordelar og ulemper ved prosjektet. Det nye regelverket vil bli utforma slik at det ikkje fører til unødvendig dobbeltbehandling.

– Tidlegare har kommunane risikert at prosjektet dei seier ja til blir endra før det blir bygd, slik at det til dømes ender med høgare turbinar enn dei trudde. Det rettar vi opp i no, seier Gjelsvik.

Forslaga i høyringsnotatet inneber at det vert innført krav om arealavklaring for vindkraftverk etter plan- og bygningslova i form av områderegulering, før ein kan gi konsesjon etter energilova. Områdereguleringa skal fastsetje dei overordna føresetnadene som er relevante for avgjerda om arealbruk. Kommunen skal kunne krevje at utbyggar utarbeider forslag til områderegulering, og utbyggjar får ein tilsvarande rett til å kunne fremje slik plan. Høvet til å dispensera for vindkraftprosjekt som gjeld i dag, blir betydeleg innskrenka. Det kan likevel unntaksvis dispenserast frå kravet om områderegulering der overordna arealmessige føresetnader er fastsett på same detaljeringsnivå som i områderegulering, til dømes i kommune(del)plan. Konsesjonsbehandling av vindkraftanlegg etter energilova blir vidareført som i dag. Moglegheita til å oppheve og endre områderegulering for vindkraftanlegg med konsesjonssøknad blir avgrensa. Særregelen om å kunne gi endeleg vindkraftkonsesjon verknad som statleg arealplan vert oppheva. Det blir òg klargjort at statleg arealplan ikkje kan påklagast.

Om høyringa

Frist for å uttale seg er 27. februar 2023. Høyringsfråsegn skal gis digitalt på regjeringen.no. Dette gjerast under «Send inn høringssvar» på www.regjeringen.no/id2958919 .

Alle kan gi høyringsfråsegn. Høyringsfråsegn er offentlege etter offentleglova, og vert publisert saman med øvrige høyringsfråsegner.

Høyringsinstansar blir bedt om vurdere om saka bør leggjast fram for, eller bli sendt vidare til underliggjande organ eller organisasjon som ikkje står på høyringslista.