Fiskeriministeren til Italia

Fiskeriminister Per Sandberg gjestar Italia 6. - 7. juni. Blant anna forskingsfartøy og profilering av norsk sjømat står på menyen.

6. juni inspiserer Sandberg bygginga av Noregs forskingsfartøy «Kronprins Haakon» i La Spezia. Båten skal stå ferdig hausten 2017.

7. juni er Sandberg i Milano der han blant anna deltek i profilering av norsk sjømat på eit kjøpesenter saman med ein kjend italiensk kokk. I tillegg innleier Sandberg på eit sjømatseminar i regi av Noregs Sjømatråd, og har møte med den italienske tørrfiskbransjen.