Føreslår å forlenge mellombels koronalov for barnevernet og fylkesnemnda

Informasjon om koronasituasjonen endrar seg raskt og kan derfor vere utdatert.

Sjekk temasida Koronasituasjonen for siste nytt frå regjeringa, eller Helsenorge.no for oversikt over råd og reglar om koronaviruset. 

For å avhjelpe konsekvensar av utbrotet av covid-19, fremjar departementet forslag for Stortinget om å forlenge «midlertidig lov om tilpasninger i regelverket for barnevern og fylkesnemnda for å avhjelpe konsekvenser av utbruddet av covid-19».

Lova blei oppheva 10. november 2021. Departementet føreslår at lova blir vedtatt på nytt med varigheit til 1. juli 2022.

Covid-19 er ein trussel mot folkehelsa. Smitteutviklinga den seinare tida viser at det på kort varsel kan bli aktuelt å innføre strengare smittverntiltak, både regionalt og nasjonalt. Kunnskapen om den nye varianten omikron er framleis usikker, og det er nyleg innført ein rekke nasjonale smitterverntiltak for å forsinke og avgrense spreiing av omikron.

Smitteverntiltak kan hindre ordinær saksavvikling i fylkesnemndene og drift i barnevernet også i tida framover. Departementet meiner derfor det er naudsynt å vidareføre reglane om fjernmøte og delvis skriftleg sakshandsaming i fylkesnemnda, for at fylkesnemnda fortsett kan handsama saker på ein trygg og forsvarleg måte og samstundes ta omsyn til smittevern.

Det er òg naudsynt å vidareføre dei mellombelse reglane om flytting av eit barn frå ein institusjon på grunn av covid-19 og moglegheita for digitale tilsyns- og oppfølgingssamtaler. Dette er viktige rettstryggleiksgarantiar for barn i fosterheim og institusjon.

Barnevernet og fylkesnemnda skal nytte barnevernlovas ordinære føresegner dersom det er mogleg. Den mellombelse lova kan berre nyttast når det er naudsynt på grunn av covid-19 og når lovas strenge vilkår er oppfylt.

Det var støtte i høyringa til å forlengje lova på grunn av den usikre smittesituasjonen. Departementet føreslår å forlengje reglane til 1. juli 2022. Dersom konsekvensane av utbrotet av covid-19 endrar seg, og det ikkje lenger er behov for lova, vil Stortinget kunne oppheve lova på eit tidlegare tidspunkt.