Forslag til ny strategi for eID i offentleg sektor

-Stadig fleire offentlege tenester blir digitale. Vi må sikra at offentlege tenester er tilgjengelege for alle, og vi må sørge for at alle har kunnskap om korleis dei skaffar seg ein eID og korleis dei bruker han , seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Det er viktig at alle har moglegheit til å logge seg på offentlege digitale tenester. Derfor har regjeringa laga eit forslag til ny strategi for elektronisk ID i offentleg sektor. Målet er at alle skal kunne skaffe seg ein eID og at vi får velfungerande konkurranse i eID-leverandørmarknaden. Dagens strategi er frå 2008 og går ut på å bruke marknadsløysingar som mellom anna BankID for å logge inn via ID-porten til offentlege digitale tenester. Regjeringa sender no forslag til ny strategi for eID i offentleg sektor på høyring.

-Vi må òg sørge for at personar som ikkje evnar å nytte digitale tenester sjølve, får den hjelpa dei treng, seier han.

Regjeringa foreslår derfor fleire tiltak - mellom anna ein offentleg eID på høgt nivå som supplement til marknadsløysingane og fullmaktsløysingar som gjer det mogleg å få tilgang til offentlege tenester på vegne av ein annan.

Det blir også foreslått å leggje til rette for digital ID-kontroll, rammar for bruk av eID i jobbsamanheng for offentleg tilsette og dessutan tiltak for å styrke felles IT-løysingar som bygger opp under samordna innlogging til offentlege tenester.

Høyringsfristen er 22. august.

Se høyringen om forslag til ny strategi for eID i offentleg sektor her.