Forsvarssektorens nærvær skapar positive økonomiske ringverknader for over 43 milliardar kroner

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

I 2021 fekk forsvarssektoren tildelt nærare 68,9 milliardar kroner frå statsbudsjettet. Av dette skapas det positive økonomiske ringverknader i Noreg for over 43 milliardar.

Store delar gjekk tilbake til lokalsamfunn, og Vestlandet er landsdelen som fekk den største aukinga frå i fjor. Viken, Oslo og Vestland er fylka der dei økonomiske ringverknadene til forsvarssektoren var størst i 2021, følgd av Troms og Finnmark, Nordland og Møre og Romsdal.

- Forsvarssektoren er ein stor statleg arbeidsplass, med mye ulik aktivitet rundt om i landet. Dette bidreg til å skape sikkerhet for staten, befolkninga og samfunnet. Det er bra at dette og gir positive ringverknader for økonomien i lokalsamfunna. Dette betyr mykje for dei landsdelane Forsvaret er til stades i, seier forsvarsminister Bjørn Arild Gram.

For å verne og vareta Noregs trygging, interesser og verdiar, blir det kvart år løyvd betydelege middel til forsvarssektoren. Midla blir nytta til eit breitt spekter av formål, eksempelvis kjøp av moderne materiell, lønningar og vedlikehald.

Bruken av midla forsvarssektoren får kvart år gir ofte positive økonomiske ringverknader til stadene der verksemdene til forsvarssektoren er lokaliserte. Verksemdene kjøper varer og tenester lokalt, og det gjer og dei tilsette.

Rapporten «Økonomisk effekt av nærværet til forsvarssektoren i 2021» viser den økonomiske effekten av forsvarssektorens nærvær fordelt på fylkes- og regionnivå. Rapporten er utarbeidd av Forsvarsdepartementet.

Den direkte økonomiske effekten av nærværet og aktiviteten til forsvarssektoren i 2021 er estimert til 43 milliardar kroner, ei auking på om lag 3 mrd. kroner samanlikna med den økonomiske effekten for 2020.  Dette har si årsak i ein auke i forbruk og skattebetalingar, vare- og tenestekjøp og EBA-drift. EBA-investeringar var på om lag same nivå som i 2020. Forbruk og skatt samt vare- og tenestekjøp utgjer dei største kjeldene til den økonomiske effekten for 2021. Slik var det òg i 2020. I tillegg til den direkte økonomiske effekten på 43,3 milliardar kroner, kjem ein indirekte effekt av industrisamarbeid.

I tillegg til den estimerte økonomiske effekten på 40,3 milliardar kroner, kjem økonomiske effektar til utlandet på om lag 17,2 milliardar kroner. Den samla differansen mellom faktisk tildeling i 2020 og total økonomisk effekt, inkludert økonomiske effektar til utlandet (om lag totalt 60,5 milliardar kroner), er dermed på om lag 8,4 milliardar kroner. Hovudårsakene til differansen er dobbelbudsjettering av Forsvarsbygg, pensjon, overføring av middel frå 2021 til 2022 og at skjerma driftseiningar er tatt ut av delar av talgrunnlaget.

Du kan lese rapporten her.