Framleis nedgang i forbruket av antibiotika til matproduserande dyr i EU/EØS

Forbruket av antibiotika til matproduserande dyr er for 25 land innen EU/EØS redusert med 43 prosent i perioden 2011-2020. Dette går fram av European Surveillance of Veterinary Antimicrobial Consumption (ESVAC) rapporten som nylig er publisert frå det Europeiske legemiddelbyrået (EMA).

Dette går fram av European Surveillance of Veterinary Antimicrobial Consumption (ESVAC) rapporten som nylig er publisert frå det Europeiske legemiddelbyrået (EMA).

Av omsyn til folkehelsa er det tilrådd å begrense bruken av antibiotika i husdyrhaldet.

– For høg antibiotikabruk kan gjere bakteriane motstandsdyktige/resistente. Slik antibiotikaresistens er eit naturleg fenomen, men menneske har påskunda prosessen gjennom overdreven bruk av dette effektive legemiddelet. Det er derfor slått fast i Hurdalsplattformen at regjeringa vil oppretthalde forbodet mot førebyggjande bruk av antibiotika og vekstfremjande middel i dyrefôr, seier landbruks- og matminister Sandra Borch.

Graf
Foto: europa.eu

Noreg av dei landa som brukar minst

Det er store variasjoner mellom landa med omsyn til kor mykje antibiotikabruken er redusert. Tendensen er at land som i utgangspunktet hadde det høgste forbruket har stått for den største reduksjonen. Noreg held fram med å vere mellom dei landa i EU/EØS  med det lågaste forbruket av antibiotika til matproduserande dyr.

Sjå forbruket av antibiotika til matproduserande dyr i 31 Europeiske land