Priv til red:

Helse- og omsorgsminister Bent Høie besøkjer Stavanger

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Helse- og omsorgsdepartementet

Måndag 02.12. besøkjer statsråden Helse Vest RHF, barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling ved Stavanger universitetssykehus, K46 og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest-Rogaland.

Måndag 02.12. besøkjer statsråden Helse Vest RHF, barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling ved Stavanger universitetssykehus, K46 og Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest-Rogaland.

Program:

09.20-10.20: Helse Vest RHF. 
Statsråden møter leiing og tilsette for å diskutere sjukehuspolitikken framover. Statsråden held innlegg.
Adresse: Nådlandskroken 11

10.35-13.25: Stavanger universitetssykehus.
Adresse, BUPA: Gerd-Ragna Block Thorsens gate 25

10.35-11.35: BUPA. Høie besøkjer barne- og ungdomspsykiatrisk avdeling. Statsråden får høyre om korleis BUPA jobbar for å kvalitetssikre tilbodet til og oppfølginga av pasientane, om brukarmedverknad, og om samarbeidet med kommunen med fokus på tidlegintervensjon. Høie får også presentert den transkulturelle psykiatriske poliklinikken som er under etablering.
11.35-12.20: Lunsjmøte med styreleiarar i Helse Vest og Helse Stavanger, administrerande direktørar for sjukehusa i Helse Vest, direktør i Helse Vest IKT og leiargruppa i Helse Vest.
12.25-13.10: Møte med tillitsvalde utan presse og leiing til stades.
13.10-13.25: Tid til presse

13.35-14.35: K46. 
Statsråden besøkjer K46. K46 er eit behandlingsførebuande tilbod til unge med rusproblem i alderen 17 – 25 år, og er drive av Stavanger kommune i samarbeid med Helse Stavanger. K46 er eit lågterskeltilbod til ungdom og pårørande. Statsråden får møte tilsette og brukarar.
Adresse: Kongsgata 45

14.45-15.45: Tannhelsetjenestens kompetansesenter Vest-Rogaland.
Statsråden vert orientert om og får sjå behandlingstilbodet til mellom anna tannlause, personar med odontofobi og munntørrleik. Høie får møte pasientar.
Statsråden får også høyre om relevant forsking ved senteret.
Adresse: Tastagaten 30

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengeleg for kommentarar.

 

Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Facebook Følg oss på Facebook       Følg Helse- og omsorgsdepartementet på Twitter Følg oss på Twitter