Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Presseinvitasjon:

Helseminister Bent Høie til Sandnes og Stavanger onsdag 25. september

Statsråd Høie skal opne Pårørendekonferansen 2019 og dele ut pris for årets pårørandekommune i Sandnes. Høie vil også opne HelseCampus Stavanger i Stavanger.

Statsråden sitt program:

Kl. 10.00 Opning av Pårørendekonferansen 2019 og utdeling av pris for årets pårørandekommune
Stad: Quality Hotel Residence, Sandnes
Pårørandekonferansen er ein nasjonal konferanse for både pårørande, fagfolk, forskarar og beslutningstakarar. Les meir om Pårørandekonferansen

Kl. 12.00 Opning av HelseCampus Stavanger
Stad: Innovasjonspark Stavanger på Ullandhaug, bygg i3, Professor Olav Hanssens veg 7A
HelseCampus Stavanger er navet i ein regional forskingsbasert helseklynge med målsetjing om å bli landets fremste arena innan simuleringsbasert undervisning og læring, samt innovasjonar innan helse- og omsorgstenestene. Les meir om HelseCampus Stavanger

Pressa er velkomen til å delta. Statsråden er tilgjengelig for intervju.

Til toppen