Høge ambisjonar for lokaldemokratiet

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Å drive med innbyggjarmedverknad mellom val og utover det som er lovpålagt, har blitt ein viktig del av lokaldemokratiet. − Føregangskommunane viser at ein kan plukke frå ein rikhaldig meny av tiltak for å hente inn synspunkt og erfaringar frå innbyggjarar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

− Her er kommunane stifinnarar for tiltak som skal styrkje deltaking og demokrati lokalt. Eg vil følgje arbeidet til desse kommunane med stor interesse. Det håper eg alle kommunar også vil gjere, seier statsråd Gjelsvik.

Vi legg ut informasjon om arbeidet føregangskommunane på ei ny nettside under regjeringa.no, slik at alle kommunar som ønskjer det, kan la seg inspirere av tiltaka føregangskommunane driv med.

Kommunal- og distriktsdepartementet inviterte alle kommunar i landet til å søkje om å bli føregangskommunar i lokaldemokrati. Målet er å vise fram ulike måtar å drive innbyggjarmedverknad på, tilpassa ulike lokalsamfunn og kommunar – og ulike situasjonar.

Sju kommunar blei valde ut på bakgrunn av søknadar. Det var Bergen kommune, Bodø kommune, Lørenskog kommune, Gjøvik kommune, Suldal kommune, Sunnfjord kommune og Vadsø kommune. Erfaringane blir evaluert, og det er planar om å lage ein rettleiar i innbyggjarmedverknad. 

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00