Høyring om reglar for interkommunale selskap

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Kommunal- og distriktsdepartementet har sendt på høyring forslag til endringar i IKS-loven og ei ny forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsmelding for interkommunale selskaper.

Departementet foreslår auka møteoffentlegheit og innsyn i interkommunale selskap (IKS) som er omfatta av offentleglova. Det betyr mellom anna at representantskaps- og styremøte skal følgje dei same reglane om opne og lukka møte som kommunale organ, kommunale føretak og interkommunale samarbeid etter kommuneloven.

Vidare foreslår departementet å redusere rolla staten har i organiseringa av selskapa. Vi vil òg at det skal bli mogleg for kommunestyret i parlamentarisk styrte kommunar å delegere til kommunerådet oppgåva med å velje representantskapsmedlemmer. Departementet foreslår i tillegg krav om tal på styremedlemmer, reglar om godtgjering og at avtaleval skal kunne nyttast når kommunestyret vel medlemmer til representantskapet.  

Høyringsnotatet inneheld òg forslag til fleire justeringar i økonomiføresegnene, i hovudsak for å harmonisere desse med økonomiføresegnene i ny kommunelov. Vi foreslår i tillegg ei ny forskrift om økonomiplan, årsbudsjett, årsrekneskap og årsmelding for interkommunale selskap,

Ved utforminga av høyringsnotatet har departementet teke omsyn til at IKS skal vere ei eiga selskapsform for kommunar og fylkeskommunar. Men utviklinga av kommunal og fylkeskommunal verksemd i IKS viser at dei fleste IKS i dag i hovudsak driv med typiske lovpålagde oppgåver. Departementet legg til grunn at det er karakteren til oppgåvene som skal vere førande for kva offentlegrettslege reglar som gjeld.

Høyringsfristen er 23. september 2022.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00