Innspela til Inntektsutvalet for jordbruket

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa Solberg sette den 13. august ned eit ekspertutval som skal vurdera grunnlag og føresetnader for å samanlikna næringsinntekter i jordbruket med løn for arbeidstakarar. Her kan du sjå alle innspela.

Ekspertutvalet, til dagleg kalla Inntektsutvalet, skal levera ei innstilling i form av ein NOU innan 1. juli 2022. Utvalet er i gong med arbeidet. Dei har alt gjennomført innspelsmøter med relevante organisasjonar og personar, men ville gjerne ha innspel frå fleire.

Alle interesserte har derfor vore inviterte til å senda inn skriftlege bidrag på e-post. Siste frist var 31.desember 2021.

Her kan du lesa om mandatet og samansetjinga av utvalet: