Inntektsutvalet for jordbruket ber om innspel

Regjeringa Solberg sette den 13. august ned eit ekspertutval som skal vurdera grunnlag og føresetnader for å samanlikna næringsinntekter i jordbruket med løn for arbeidstakarar. Les dei fem siste innspela.

Ekspertutvalet, til dagleg kalla Inntektsutvalet, skal levera ei innstilling i form av ein NOU innan 1. juli 2022. Utvalet er i gong med arbeidet. Dei har alt gjennomført innspelsmøter med relevante organisasjonar og personar, men vil gjerne ha innspel frå fleire.

Alle interesserte er derfor inviterte til å senda inn skriftlege bidrag på e-post til:  inntektsutvalget@lmd.dep.no

Innspela blir offentleggjort på denne nettsida etter kvart som dei kjem inn. Det blir mogleg å gje innspel fram til 31.12.2021.

Sjå innspel frå Norsk Fjørfelag Til Inntektsutvalget fra Norsk Fjørfelag.pdf

Sjå innspel få Regionrådet i Nord-Gudbrandsdalenr Uttale til lnntektsutvalget i jordbruket.pdf 

Sjå innspel frå Verdal Bondelag Innspill til inntektsutvalget for jordbruket.pdf

Sjå innspel frå Troms Bondelag Invitasjon til regionmøter i Troms.pdf

Sjå innspel frå Tolga kommune Innspill fra Tolga kommune.pdf

Når utvalet er ferdig med arbeidet sitt, vil NOU'en bli sendt ut på vanleg høyring.  

Her kan du lesa om mandatet og samansetjinga av utvalet: