Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar til Jan Zahl

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Journalist i Stavanger Aftenblad, Jan Zahl, får Kulturdepartementets nynorskpris for journalistar for 2015.

Portrett av prisvinnaren Jan Zahl.
Prisvinnaren Jan Zahl. Foto: Kristian Jacobsen

Kulturdepartementet sin nynorskpris for journalistar skal fremje bruk av nynorsk i media og årleg ære ein dyktig journalist som er eit føredøme for andre. Prisen går til ein journalist som har utmerka seg i bruk av levande og god nynorsk i media, og som gjennom arbeidet sitt har gjeve nynorsken innpass på nye område.

Jan Zahl er kulturjournalist og kommentator i Stavanger Aftenblad. Det har han vore sidan 2007. Før det var han journalist i Dagbladet, Dagsavisen, TV 2 og redaktør i Forskarforum. Han har skrive fleire bøker, mellom anna “Kontroll på kontinentet. Historia om Kaizers Orchestra”. Zahl har hovudfag i samanliknande politikk og mellomfag i spansk.

Prisvinnaren får 50.000 kroner og eit norsk kunstverk. Leiaren for juryen, Håkon Haugsbø, deler ut prisen i Aasentunet 26. juni, under Dei nynorske festspela. Prisen vart oppretta i 2004 som departementet si gåve i høve opninga av Nynorsk mediesenter. Difor er leiaren for senteret sekretær for juryen.

I juryen sit Svend Arne Vee, Florø, redaktør i Firdaposten. Agnes Ravatn, Oslo, journalist og forfattar, og Håkon Haugsbø, Oslo, kommunikasjonssjef i Kirkens Nødhjelp.

For spørsmål, kontakt:

Håkon Haugsbø  47 90 67 83 69
Agnes Ravatn 990 410 57
Svend Arne Vee 908 47 465

Les òg meir på nettsida til Nynorsk mediesenter