Klimakrav i offentlige anskaffelser - sjøtransport

Klimakrav frå det offentlege til sjøtransport

Regjeringa vil at det offentlege skal ta større ansvar for grøne innkjøp. I  dag sender klima- og miljøminister Espen Barth Eide ut eit oppdrag om å utforme klimakrav når det offentlege skal kjøpe inn tenester innan sjøtransport og når dei skal legge ut anbod for ferje- og hurtigbåtar. Desse krava vil ha verknader for lasteskip, ferjer og hurtigbåtar.

- Tida er inne for at det offentlege tar eit større ansvar for den grøne omstillinga, og krev lågare utslepp frå sine leverandørar. Vi må handle raskt og stille klimakrav. Dette gjeld når det offentlege skal kjøpe inn tenester innan sjøtransport og når dei hentar inn anbod for ferjer og hurtigbåtar. Dette vil vere avgjerande for å nå målet om å halvere klimagassutsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Samstundes bidreg det til å utvikle framtidsretta verdikjeder i norske maritime næringar, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Eksempåel på et klimavennlig bulkskip
Eksempel på et klimavennlig bulkskip. Foto: Naval Dynamics

Offentlege innkjøp som verktøy

Det offentlege er ein stor innkjøpar av sjøtransporttenester innan bygg og anlegg, til dømes av transport av asfalt, pukk og grus i samband med bygging av vegar og andre infrastrukturprosjekt. I Hurdalsplattforma varsla regjeringa krav om nullutslepp i nye anbod for ferjer i 2023, og krav om låg- og nullutslepp i nye anbod for hurtigbåtar i 2025.

Aktiv bruk av offentleg innkjøpsmakt er avgjerande for at Noreg skal nå målsetnaden om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Grøne maritime løysingar bidrar til verdiskaping og sysselsetting langs heile kysten.

Innan ferjesektoren har ein kombinasjon av kravstilling i anbod og offentleg støtte vore avgjerande for å fase inn nullutsleppsløysingar. Ei utviding av kravsstillinga frå det offentlege vil bidra til at fleire fartøysegment går raskare i same retning.

Mål om lågare utslepp

Målet med å bruke klimakrav og lav- og nullutsleppskrav i offentlege anskaffingar, er å bidra til å nå regjeringas utsleppsmål for innanriks sjøfart ved å skape etterspørsel etter låg- og nullutsleppsløysningar i skipsfarten og minske risiko.

Regjeringa sender ut oppdrag til Direktoratet for forvaltning og økonomistyring, Miljødirektoratet og Sjøfartsdirektoratet i dag og har frist for tilbakemelding 1. mai i år. Forslaga frå fagetatane vil danne eit viktig grunnlag for regjeringa si handsaming ved innføring av slike krav.

Klimavennlig skip
Aktiv bruk av offentleg innkjøpsmakt er avgjerande for at Noreg skal nå målsetnaden om å halvere utsleppa frå innanriks sjøfart og fiske innan 2030. Eksempel på et klimavennlig fartøy. Foto: Foto: Naval Dynamics