Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Statsbudsjettet 2020:

Meir pengar til betre vêrmelding

Regjeringa foreslår å styrke løyvinga til Meteorologisk institutt med 12 millionar kroner. Pengane skal brukast til forsvarleg forvaltning og fornying av observasjonsutstyret til Meteorologisk institutt. Det vil mellom anna gi betre varsling av ekstremvêr.

- Klimaendringane gir auka førekomst av ekstremvêr som storm og kraftig nedbør. Stabil og sikker tilgang på vêrobservasjonar er naudsynt for at meteorologane kan utarbeide vêrvarsel og farevarsel. Difor vil vi bruke 12 millionar kroner til å forbetre observasjonsutstyret på Meteorologisk institutt, seier klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V).

Meteorologisk institutt må ha eit observasjonsnettverk som dekker Noreg, havområda og Svalbard godt nok til å utarbeide vêrvarsel av høg kvalitet, og studere klimaet. Gode og treffsikre varslingar av ekstremvêr er viktig for tryggleiken vår. Observasjonsutstyret består av manuelle og automatiske vêrstasjonar og radiosondestasjonar, vêrradarar, nettverk av lynsensorar, havstraumradarar, bøyer og sensorar på skip. Vêrradarane er spesielt viktige for at andre statlege aktørar som Avinor, Forsvaret, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Statens vegvesen og kraftbransjen skal kunne levere tenestene sine.

Observasjonsnettverket til Meteorologisk institutt er betydeleg utvida dei siste ti åra og krev meir pengar til drift, vedlikehald og fornying. Regjeringa vil styrke løyvinga til Meteorologisk institutt slik at dei er i stand til å ta godt vare på det meteorologiske observasjonsutstyret i Noreg.

Til toppen