Historisk arkiv

Mykje ekstremvêr i 2015

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

I 2015 blei det handsama 1250 saker etter naturskadelova. Til saman blei det tilkjent 111,1 millionar kroner i naturskadeerstatningar frå Statens naturskadefond.

2015 blei eit år med mykje ekstremvêr, men fordi storm først og fremst skader bygningar, som blir dekt av forsikring og ikkje den statlege naturskadeerstatninga, blei resultatet i 2015 for oss færre naturskader og lågare erstatningsutbetalingar enn i 2014.

Store endringar frå 1. januar 2017

Frå 1.1.2017 vil den nye naturskadeerstatningslova tre i kraft. Frå denne dato skal nye naturskadeerstatningssaker bli handsama etter nytt regelverk og nye rutinar.

Flomskader.
Frå 1.1.2017 skal nye naturskadeerstatningssaker bli handsama etter nytt regelverk og nye rutinar. Foto: Landbruks- og matdepartementet