Noreg og Grønland er einige om kvoteavtale for 2022

- Norske fiskarar utnyttar kvotane ved Grønland godt, og eg er nøgd med at Noreg og Grønland har blitt einige om ein kvoteavtale for 2022, seier statssekretær Vidar Ulriksen (Ap).

Grønland sin kvote i Barentshavet i 2022 er sett til 4 000 tonn torsk, 750 tonn hyse, 650 tonn sei og 425 tonn bifangst av andre artar.

Den norske torskekvoten er på 1350 tonn og kveitekvoten 30 tonn.

Blåkveitekvoten på Vest-Grønland blir vidareførd på 900 tonn, samtidig som blåkveitekvoten på Øst-Grønland aukar til 375 tonn. På grunn av usikker bestandssituasjon blir uerkvoten redusert til 500 tonn. Kvoten på skoleist på Øst-Grønland blir auka med 50 tonn og bifangstkvoten av andre artar blir auka med 175 tonn. Kvoten på botnlevande uer på Øst-Grønland blir redusert til 500 tonn.

Noreg og Grønland er også einige om å vidareføre det gode forskingssamarbeidet, særlig for bestandane blåkveite, torsk, uer og makrell.

På grunn av korona-pandemien er det fyrste gong partane har møtst fysisk til bilaterale forhandlingar sidan hausten 2019.

Kvoteavtale Noreg - Grønland 2022.pdf