Statsbudsjettet 2017:

Ny løyving til omstilling i Sør-Varanger kommune

– Vi ønskjer å medverke til rask omstilling – og at det vert skapt nye og trygge arbeidsplassar i Sør-Varanger, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner. Regjeringa foreslår å følgje opp løyvinga i 2016 til ekstraordinær omstilling i Sør-Varanger kommune med nye 20 millionar kroner i 2017.

– Konkursen i Sydvaranger Gruve har skapt ein vanskeleg situasjon for Sør-Varanger kommune. Det er krevjande for eit lokalsamfunn å miste så mange arbeidsplassar over natta. Det er sjølvsagt vanskeleg for alle familiane som vert råka direkte av konkursen, men også heile lokalsamfunnet vil merke omstillinga, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Sydvaranger Gruve var ei hjørnesteinsbedrift i kommunen med mange lokale og regionale underleverandørar av varer og tenester. Om lag 650 personar blei omfatta av konkursen. I tillegg har kommunen dei seinare åra også blitt råka av redusert handel med Russland. For 2016 vart det løyvd 25 millionar kroner.

– Rask omstilling og nye arbeidsplassar vil skapa meir aktivitet og vekst i regionen. Det legg igjen grunnlag for betre velferd og ein tryggare kvardag for innbyggjarane, seier Sanner.

Finnmark fylkeskommune får ansvaret for bruken av midlane i samarbeid med mellom anna kommunen og Innovasjon Norge.

 

Kommunal- og moderniseringsdepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.