Statleg tilskot til breibandutbygging: Område med låg breibandkapasitet blir framleis prioriterte

- Infrastruktur for ekom er like viktig for folk og næringsliv som veg og jernbane. Breibanddekninga i Noreg er generelt svært god, og marknadsaktørane gjer ein viktig jobb for å byggje ut infrastrukturen. Staten bidreg med pengar til breibandutbygging i område der det ikkje er kommersielt lønsamt å byggje ut. Innretninga på tilskotsordninga er no endra slik at fylkeskommunane får meir involvering, men område med låg breibandkapasitet skal framleis bli prioriterte, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

Stortinget har løyvd 149,7 millionar kroner i tilskot til breibandutbygging for 2018. Etter at Stortinget behandla statsbudsjettet, har Samferdselsdepartementet forenkla tildelingsprosessen og gitt fylkeskommunane meir innverknad. Endringa er eit resultat av innspel frå Nasjonal kommunikasjonsmyndighet (Nkom) og innspel frå fylkeskommunane om at den tidligare innretninga på ordninga var ressurskrevjande og i for liten grad utnytta det regionale nivået.  Samferdselsdepartementet vurderer at dei viktigaste endringane for tildeling av løyvinga for 2018 er:

  • Husstandar som ikkje har tilbod om breiband med minst 10 Mbit/s skal prioriterast, mot 4 Mbit/s tidlegare.
  • Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit fastset ei økonomisk ramme til kvart fylke, ut frå ein fordelingsnøkkel som blir basert på siste tilgjengelege dekningsundersøking. Tidlegare tildelte Nkom midlar til prosjekt i kommunane og fylka etter søknad.
  • Fylkeskommunane prioriterer prosjekt innanfor denne økonomiske ramma, gitt visse vilkår sett av departementet.

- Norge ligg langt framme globalt med utvikling av digital infrastruktur. Breibandsaktørane har auka sine investeringar i Norge, og vi har forbetra regelverket slik at gravekostnadane kan reduserast. Samstundes sikrar statleg støtte at man også skaffar breiband i alle delar av landet.  Ein rapport frå Oslo Economics viste at den norske tilnærminga og innrettinga på tilskotsordninga har fungert bra. Med den nye innretninga vil vi gjera ordninga enda betre, ved at vi legg til rette for mindre byråkrati, samstundes som avgjerdene om fordeling av pengar innanfor fylka blir fatta enda nærmare brukarane, seier samferdselsministeren.

 

For fleire opplysningar – sjå:

Til toppen