Nye konkurransereglar på høyring

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår ei ny ordning for forlik i kartellsaker.

Nærings- og fiskeridepartementet sender i dag fleire endringar i konkurranselova ut på høyring.

Eit kartell er eit ulovleg samarbeid mellom konkurrerande verksemder som avgrensar konkurransen. Eitt av forslaga er å innføre ei forliksordning for kartellsaker. Dette betyr at lovbrotsgebyret (overtredelsesgebyret) kan reduserast med ti prosent for kartelldeltakarar. Føresetnaden er at deltakarane vedgår brot på konkurranselova. I tillegg vil enklare saksbehandling føre til at sakene blir raskare avslutta. Dette kan frigjere ressursar hos Konkurransetilsynet og partane. Ei liknande ordning er innført i EU og i ei rekkje europeiske land.

Nærings- og fiskeridepartementet foreslår også å endre heimelen for inngrep og velferdsstandard i reglane om fusjonskontroll. Forslaga inneber at dei norske reglane for fusjonskontroll blir lik reglane i EU og EØS-avtalen. Forslaga er ei forenkling samanlikna med dagens reglar. Det er likevel lite truleg at dette vil påverke kva for samanslåingar det blir gripe inn mot eller kor mange det blir gripe inn mot.

Les meir i høyringsbrevet og forslaga til lovendringar.

Spørsmål kan rettast til avdelingsdirektør Nils-Ola Widme i Konkurransepolitisk avdeling, nils-ola.widme@nfd.dep.no,