Offisielt frå statsrådet 20. mars 2013

I ekstraordinært statsråd i dag vart det lagt fram ei stortingsmelding frå Justis- og beredskapsdepartementet om terrorberedskap. Meldinga presenterer ein overordna strategi mot terror, med ei rekkje konkrete tiltak. I tillegg vart det lagt fram ein proposisjon om endringar i statsbudsjettet for 2013. Endringane gjeld tiltak for å styrkje samfunnstryggleiken og politiberedskapen.

Statsråd vart halde på Oslo slott 20. mars 2013 kl. 13.00. Følgjande vedtak vert gjort kjende:

1. Proposisjonar og meldingar

Justis- og beredskapsdepartementet

Prop. 77 S (2012-2013)
Endringer i statsbudsjettet for 2013 under Justis- og beredskapsdepartementet (Tiltak for å styrke samfunnssikkerheten og politiberedskapen) jf. Meld. St. 21 (2012-2013)

Meld. St. 21 (2012-2013)
Terrorberedskap
Oppfølging av NOU 2012: 14
Rapport fra 22. juli-kommisjonen
(Pressemelding)