Regjeringa held fast på 70-årsgrensa i staten

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Regjeringa skrinlegg forslaget om å heve den alminnelege aldersgrensa i staten frå 70 til 72 år.

Regjeringa Solberg la fram eit slikt forslag i Prop. 227 L (2020 2021). Regjeringa Støre har i dag trekt lovforslaget.

– Både Sysselsettingsutvalet og eit stort fleirtal av høyringsinstansane var imot dette forslaget. Då høyrer me på dei og legg det vekk, seier arbeids- og inkluderingsminister Hadia Tajik.

– Det er semje om å tilrettelegge arbeidslivet slik at fleire maktar å stå lenger i arbeid. Regjeringa vil sjå på andre grep for å nå dette, slik både Sysselsettingsutvalet og fleire av høyringsinstansane har oppfordra til, legg statsråden til.

Mange høyringsinstansar, både på arbeidsgjevar- og arbeidstakersida, meiner mellom anna at ein må halde på 70- grensa for å unngå uverdige og konfliktfylte avgangar frå arbeidslivet.