Skatte- og avgiftsendringar i Revidert nasjonalbudsjett 2015

Regjeringa vil utvide overgangsordninga for uføre. Vidare foreslår Regjeringa fleire avgiftsendringar som vil gi insentiv til bruk av klimavennleg drivstoff. Regjeringa har òg sett i gang ei reform for å få ei betre og meir effektiv skatte- og avgiftsforvaltning.

Forslaga til endringar er anslått å redusere inntektene frå skattar og avgifter med om lag 715 millionar kroner påløpt og 800 millionar kroner bokført i 2015.

Romslegare overgangsregel for uføre
Regjeringa vil utvide overgangsordninga for uføre som etter uførereforma får ein nedgang i inntekt etter skatt på grunn av renteutgifter. For å leggje til rette for deltaking i arbeidslivet blir uføreytinga no skattlagd som lønsinntekt. Brutto yting er auka for å kompensere for auka skatt. Reforma kan likevel gi lågare inntekt etter skatt for nokre uføre, medan andre får auka inntekt etter skatt. I ein overgangsperiode vert uføre som, på grunn av redusert verdi av frådraget for gjeldsrenter, får ein nedgang i inntektene etter skatt på meir enn 6 000 kroner i året kompensert. Regjeringa vil no redusere grensa til 4 000 kroner.  

Raskare avskrivingar for vindkraft
Regjeringa omtalte i Nasjonalbudsjettet for 2015 at ein ville foreslå gunstigare avskrivingsreglar for vindkraft. Energibransjen har peika på at vindkraftverk kan avskrivast raskare i Sverige, og at dette favoriserer svenske investeringar. Regjeringa foreslår å innføre lineære avskrivingar over fem år.  

Oppheve miljøavgift på plastposar og papirposar
Stortinget har vedteke å innføre ei avgift på posar av plast og papir. I høringa blei det avdekt mange problem med ei slik avgift, og det blei varsla at regjeringa ville komme tilbake til saka i revidert budsjett. Ein kan ikkje gi ei avgift på posar ei miljøfagleg grunngiving og Regjeringa foreslår derfor å oppheve vedtaket.  

Endringar i avgifter på gass
Stortinget har vedteke å innføre vegbruksavgift på naturgass og LPG. Det er betydelege praktiske problem med å innføre avgifta frå 1. juli. Regjeringa vil komme tilbake i budsjettet for 2016 med forslag til vegbruksavgift på naturgass og LPG der ein, så langt det er råd, skjermar annan bruk enn vegbruk frå avgift. Inntil ei vegbruksavgift er på plass blir det oppretta ei mellombels tilskotsordning for å stimulere til bruk av biogass i kollektivtrafikken under fylkeskommunalt ansvar. Regjeringa vil i tillegg auke CO2-avgifta på naturgass og LPG til nivå med CO2-avgifta på bensin. 

Endringar i CO2-avgift og vegbruksavgift på drivstoff
Stortinget har bede Regjeringa om å fremme forslag om avgiftslette for biodrivstoff. Samstundes vedtok Stortinget å auke omsetningspåbodet for biodrivstoff frå 3,5 til 5,5 prosent. Stortinget har bede om at det vert teke særleg omsyn til dei EØS-rettslege konsekvensane av endringane. Oppmodingsvedtaket og auken i omsetningspåbodet vil forsterke verkemiddelbruken overfor biodrivstoff betydeleg. Det er usikkert om tiltaka samla sett vil kunne bli godkjende av ESA. Regjeringa foreslår i staden å redusere vegbruksavgifta på biodiesel med 0,23 kroner per liter frå 1. juli 2015. For mineralsk autodiesel er det foreslått å auke CO2-avgifta til nivå med bensin og redusere vegbruksavgifta tilsvarande slik at den samla avgiftsbyrda er uendra. Regjeringa vil utgreie ulike alternativ til omlegging av vegbruksavgifta på drivstoff som stimulerer til bruk av biobasert drivstoff og som er antekne å liggje innanfor ramma av EØS-avtalen. Regjeringa vil komme tilbake til saka i budsjettet for 2016. 

Fritak for CO2-avgift for hydrogen i naturgass og LPG
Naturgass blir i nokre samanhengar forbrunne i ei blanding med andre gassar, blant anna med hydrogen. Dersom hovuddelen er naturgass, blir CO2-avgift rekna ut frå heile gassvolumet. Hydrogen gir ikkje utslepp av CO2. Regjeringa foreslår å innføre fritak for CO2-avgift for hydrogen i naturgass og LPG frå 1. juli 2015. 

Avgift på elektrisk kraft
Regjeringa foreslår å sette opp avgifta på elektrisk kraft med 0,5 øre per kWh frå 1. juli 2015. Den reduserte satsen for industrien o.a. blir ikkje endra. I statsbudsjettet for 2016 vil Regjeringa foreslå endring i avgifta slik at store datasenter betalar redusert sats. 

Betre skatte- og avgiftsforvaltning
Regjeringa vil endre skatte- og avgiftsforvaltninga for å reindyrke fagområda og samle kompetanse i sterke einingar. Ansvaret for skatt og avgift skal samlast i Skatteetaten, og skatteinnkrevjinga blir overført frå kommunane til staten. Det vil gi ei enklare og meir effektiv skatteinnkrevjing. I tillegg vil det betre rettstryggleiken og innsatsen mot svart økonomi. Les meir i pressemelding 20/2015. 

Nytt regelverk for kassasystem
Regjeringa foreslår å innføre nye krav til kassasystem. Det nye regelverket skal bidra til å motverke skatte- og avgiftsunndraging ved manipulasjon av kassasystem. Forslaget vil òg betre konkurransevilkåra for lovlydige verksemder. Les meir i pressemelding 21/2015. 

Revidert nasjonalbudsjett inneheld òg enkelte andre, mindre endringar i skatte- og avgiftsopplegget for 2015. 

 

Les meir i Prop. 120 LS (2014–2015) Endringar i skatte-, avgifts- og tollovgivinga.

 

Nett-tv Nett-TV: Revidert nasjonalbudsjett 2015

Sjå sendinga her

Sjå sendinga her