Statsministerens program veke 19

Statsministeren og statsrådane har normalt desse faste postane i vekeprogrammet: Regjeringskonferanse torsdag kl. 12.30 og statsråd på Slottet fredag kl. 11.00.

Måndag 9. mai
Kl. 11.00: Statsministeren deltek på jubileumsfest på Eidsvolls plass, for å feire stortingsbygningens 150-årsjubileum. Statsministeren er tilgjengeleg for presse om lag kl. 11.10.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Kl. 16.00: Statsministeren deltek i partileiardebatt på Industrikonferansen 2016, i regi av Norsk Industri. Konferansen går føre seg på Radisson Blu Hotel, Alna. Adresse: Tevlingveien 21, Oslo.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Tysdag 10. mai
Kl. 09.00: Statsministeren taler ved opninga av regjeringa sin konferanse «Framtidens digitale hverdag» på Astrup Fearnley Museet i Oslo. Konferansen er den andre av tre planlagde konferansar om grøn omstilling. Les meir om konferansane.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Arvid Samland, telefon 930 51 458.

Onsdag 11. mai
Statsministeren vil vere tilgjengeleg i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett for 2016. Me kjem tilbake til detaljane.

Torsdag 12. mai
Statsminister Erna Solberg deltek på ein internasjonal antikorrupsjonskonferanse i London. Sjå eiga pressemelding for detaljar.

Pressekontakt er kommunikasjonsrådgivar Tor Borgersen, telefon 909 38 987.

Fredag 13. mai
Statsminister Erna Solberg og dei nordiske kollegaene hennar møter USAs president Barack Obama i Det kvite hus i Washington. På toppmøtet vil spørsmål knytte til europeisk og transatlantisk sikkerheit, migrasjon, klima, Arktis, handel, global helse og utdanning bli drøfta.

Møtet blir etterfulgt av ein middag der presidenten og Michelle Obama er vertskap. Sjå eiga pressemelding for fleire detaljar.

Pressekontaktar er statssekretær Sigbjørn Aanes, telefon 928 87 886 og kommunikasjonssjef Trude Måseide, telefon 957 26 510.