Statsrekneskapen 2019

Samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart 276,7 milliardar kroner i 2019. Det syner statsrekneskapen for rekneskapsterminen 1. januar til 31. desember 2019 som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2019 vart 227,6 milliardar kroner, som er 0,9 milliardar kroner lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett.

Inntektene vart knapt 2,5 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart drygt 1,5 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2019. Skattar og avgifter vart drygt 0,5 milliardar kroner høgare. Meirinntekter som heimlar meirutgifter vart på drygt 1,5 milliardar kroner, medan andre inntekter til saman vart drygt 0,4 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Det oljekorrigerte underskotet vart 4,9 milliardar kroner lågare enn i det salderte budsjettet som vart vedteke hausten 2018. Utgiftene vart om lag som budsjettert. Skatte- og avgiftsinntektene vart 1,2 milliardar kroner lågare, overføringa frå Noregs Bank vart 2,8 milliardar kroner høgare, rente- og utbyteinntektene vart 1,1 milliardar kroner høgare, medan andre inntekter vart om lag 2,1 milliardar kroner høgare.

Avviket mellom budsjettet og rekneskapen for 2019 skil seg ikkje frå det som har vore normale avvik. Det oljekorrigerte underskotet i 2019 vart 9,1 milliardar kroner høgare enn i 2018.

Målt ved det strukturelle, oljekorrigerte underskotet er bruken av petroleumsinntekter i 2019 no rekna til 245,2 milliardar kroner eller 3,0 prosent av Statens pensjonsfond utland (SPU) per 31.12.2018. Dette er 10,6 milliardar kroner meir det ein rekna i nysaldert budsjett, og kjem i hovudsak av lågare anslag på strukturelle skatte- og avgiftsinntekter.

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 275,8 milliardar kroner, som er 13,2 milliardar kroner høgare enn rekna i nysaldert budsjett og 3,2 milliardar kroner mindre enn rekna i saldert budsjett. Netto avsetjing i Statens pensjonsfond utland vart knapt 25,0 milliardar kroner mindre enn i saldert budsjett, mellom anna som følgje av reduserte skatte, avgifts- og SDØE-inntekter. I tillegg auka rente- og utbyteinntektene i fondet med 21,8 milliardar kroner samanlikna med saldert budsjett.

Kapitalen  i Statens pensjonsfond auka med 1 872,4 milliardar kroner i 2019. Det meste av auken er knytt til SPU og kjem av avkastning på fondets plasseringar i 2019. Ved utgangen av 2019 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 10 086,2 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 268,7 milliardar kroner.

Fakta om statsrekneskapen

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Portalen statsregnskapet.no  har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstall.

Tabell 1 Nøkkeltal 2019-budsjettet (mrd. kroner og prosent)

Saldert

Nysaldert

Rekneskap

A) Oljekorrigert underskot

232,5

228,6

227,6

B) Strukturelt, oljekorrigert underskot

231,2

234,6

245,2

C) Strukturelt underskot i pst. av BNP-Fastlands Noreg

7,5

7,6

8,0

D) Strukturelt underskot i pst. av fondskapitalen

2,7

2,8

3,0

E) Reell underliggjande utgiftsvekst (pst.)

1,4

1,8

1,7

F) Overskot på statsbudsjettet utan lånetransaksjonar

0,0

0,0

0,9

G) Overskot i Statens pensjonsfond

279,0

262,6

275,8

H) Overskot på statsbudsjettet og i Statens pensjonsfond

279,0

262,6

276,7

 

 Tabell 2 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2019 (mrd. kroner)

Frå
saldert til rekneskap

Frå nysaldert til rekneskap

Nedgang i det oljekorrigerte underskotet

4,9

0,9

Netto inntektsendringar

4,8

2,5

Av dette:

Skattar og avgifter

-1,2

0,5

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

0,2

0,2

Renteinntekt og utbyte utan Equinor ASA

1,1

0,1

Overføring frå Noregs Bank

2,8

0,0

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

1,5

1,5

Andre inntekter under departementa

0,3

0,2

 Netto utgiftsendringar

-0,1

1,5

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar

-1,1

1,0

Renteutgifter, statsgjeld

-0,7

-0,1

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i meirinntekter

1,7

0,6

 

Tabell 3 Statens pensjonsfond 2019 (mrd. kroner)

Statens

pensjonsfond

utland

Statens

 pensjonsfond

Noreg

Samla

Netto kontantstraum

 256,9

 

 256,9

- Overført statsbudsjettet

 228,6

 

 228,6

+ Renter og utbyte

 238,9

 8,6

 247,5

= Overskot

 267,2

 8,6

 275,8

Kapital per 31.12.2018

 8 243,4

 239,2

 8 482,6

+ Overskot

 267,2

 8,6

 275,8

+ Valutakursregulering

 126,7

 -  

 126,7

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

 1 448,9

 21,0

 1 469,9

= Kapital per 31.12.2019

 10 086,2

 268,7

 10 355,0

Endra verdi, fondskapital

 1 842,8

 29,5

 1 872,4

 

Tabell 4 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)

Rekneskap 2018

Saldert budsjett

2019

Nysaldert budsjett

2019

Rekneskap 2019

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 350 591

1 432 228

1 403 177

1 407 407

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

273 513

312 822

281 501

283 245

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 077 078

1 119 406

1 121 676

1 124 162

B

Utgifter i alt

1 318 145

1 378 900

1 377 240

1 378 115

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

22 555

27 000

27 000

26 331

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 295 590

1 351 900

1 350 240

1 351 785

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

32 446

53 328

25 937

29 292

-

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

250 959

285 822

254 501

256 915

 

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2 ̶ B.2)

-218 513

-232 494

-228 564

-227 623

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

225 514

232 494

228 564

228 564

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

7 001

0

0

941

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1 ̶ B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

250 959

285 822

254 501

256 915

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

225 514

232 494

228 564

228 564

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

224 999

225 700

236 700

247 454

=

Overskot i Statens pensjonsfond

250 444

279 028

262 637

275 804

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

257 445

279 028

262 637

276 746