Statsrekneskapen 2021

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond vart avlagd med eit samla overskot på 142,2 milliardar kroner i 2021, fordelt med eit overskot i statsbudsjettet på 21,1 milliardar kroner og eit overskot i Statens pensjonsfond på 121,1 milliardar kroner. Det syner statsrekneskapen for 2021 som vart lagt fram i dag.

Det oljekorrigerte underskotet i statsrekneskapen for 2021 vart 369,0 milliardar kroner, som er 21,1 milliardar kroner mindre enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Det er overført 390,1 milliardar kroner frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett, og statsbudsjettet før lånetransaksjonar syner dermed òg eit overskot på 21,1 milliardar kroner, jf. tabell 1 nedanfor.

Inntektene vart 16,6 milliardar kroner høgare, medan utgiftene vart 4,5 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett som vart vedteke i desember 2021. Auken på inntektssida kjem særleg av skattar og avgifter som vart 13,8 milliardar kroner høgare enn lagt til grunn. På utgiftssida er det ein netto mindreutgift på 4,5 milliardar kroner. Denne fordeler seg på ei rekkje budsjettpostar. Sjå tabell 3 nedanfor for detaljar.

Statens pensjonsfond, slik dette vert presentert saman med statsbudsjettet, syner eit overskot på 121,1 milliardar kroner, som er 9,2 milliardar kroner meir enn rekna i nysaldert budsjett og 184,1 milliardar kroner meir enn rekna i saldert budsjett. Auken frå det ein rekna i saldert og nysaldert budsjett kjem av ein kraftig auke i petroleumsinntektene som følgje av eit historisk høgt prisnivå på gass sidan sommaren 2021. Den netto kontantstraumen frå petroleumsverksemda vart 15,5 milliardar kroner høgare enn i nysaldert budsjett og 189,0 milliardar kroner høgare enn i saldert budsjett. Renter og utbyte i fondet vart 6,3 milliardar kroner lågare enn i nysaldert budsjett og 11,4 milliardar kroner lågare enn i saldert budsjett.  Overføringa frå SPU for å dekkje det oljekorrigerte underskotet i nysaldert budsjett vart 390,1 milliardar kroner. Dette er 6,5 milliardar kroner mindre enn i saldert budsjett.

Kapitalen i Statens pensjonsfond auka med 1 488,8 milliardar kroner i 2021 til 12 688,1 milliardar kroner. Av auken er 1 448,1 milliardar kroner knytt til SPU og 40,7 milliardar kroner knytt til SPN. Overskotet i Statens pensjonsfond aukar kapitalen med 121,1 milliardar kroner. Netto realiserte og urealiserte vinstar / tap auka verdien av fondet med 1 392,3 milliardar kroner, medan styrka kronekurs reduserte verdien i SPU med 24,6 milliardar kroner. Ved utgangen av 2021 er bokført verdi av SPU i kapitalrekneskapen 12 355,2 milliardar kroner, medan verdien av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) er 332,9 milliardar kroner, jf. tabell 2 nedanfor.

Finansdepartementet utarbeider årleg stortingsmelding nr. 3 om statsrekneskapen. Meldinga har ei fast nummerering og vert send Stortinget innan 1. mai. Statsrekneskapen inneheld ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap.

Kapittel 1 gjev ein samla presentasjon av statsrekneskapen og syner budsjettbalansen og samla overskot i statsbudsjettet og Statens pensjonsfond. Statens finansieringsbehov går òg fram. Kapittel 2 syner utviklinga av utgiftene under dei einskilde departementsområda. Kapittel 3 omtaler resultatet og utviklinga i Statens pensjonsfond. Kapittel 4 syner hovudtal i statens balanse (kapitalrekneskapen) med notar til endringar. Kapittelet syner òg statens renteinntekter og -utgifter og statens garantiansvar. Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember.

Løyvingsrekneskapen syner utfallet i statsbudsjettet for kvar budsjettpost. Rekneskapsførte utgifter og inntekter, overført løyving frå førre år, samla løyving og overført løyving til neste år går fram, jf. vedlegg 2.1 og 2.2 i meldinga.

Kapitalrekneskapen syner statens finansielle balanse med mellom anna statens kontantbehaldning, Statens pensjonsfond, aksjebehaldning, utlån frå statsbankane og statsgjelda, jf. vedlegg 3.1 i meldinga.

I vedlegg 1-5 i meldinga finst òg fleire tilleggsspesifikasjonar til rekneskapen, mellom anna som følgje av krav i Stortingets løyvingsreglement §13.

Portalen statsregnskapet.no har ei enkel og grafisk framstilling av statens inntekter og utgifter, og gjer det mogleg å samanlikne på tvers av statlege verksemder. Her kan ein òg finne meir detaljerte rekneskapstal.

Tabell 1 Rekneskap, saldert og nysaldert budsjett (mill. kroner)

Rekneskap 2020

Saldert budsjett 2021

Nysaldert budsjett 2021

Rekneskap 2021

1.

Statsbudsjettet

 

 

 

 

A

Inntekter i alt

1 288 828

1 240 602

1 471 851

1 502 720

A.1

Inntekter frå petroleumsverksemda

134 425

122 301

298 001

312 245

A.2

Inntekter utanom petroleumsverksemda

1 154 402

1 118 301

1 173 850

1 190 476

B

Utgifter i alt

1 552 528

1 538 701

1 589 915

1 584 176

B.1

Utgifter til petroleumsverksemda

27 601

23 800

26 000

24 732

B.2

Utgifter utanom petroleumsverksemda

1 524 928

1 514 901

1 563 915

1 559 444

=

Overskot i statsbudsjettet før overføring til Statens pensjonsfond (A-B)

-263 701

-298 099

-118 065

-81 456

-

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1-B.1)

106 825

98 501

272 001

287 513

=

Oljekorrigert overskot i statsbudsjettet (A.2 ̶ B.2)

-370 525

-396 600

-390 066

-368 969

+

Overført frå Statens pensjonsfond utland

417 426

396 600

390 066

390 066

=

Overskot i statsbudsjettet før lånetransaksjonar

46 901

0

0

21 097

2.

Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda i statsbudsjettet (A.1 ̶ B.1), vert overført til Statens pensjonsfond utland

106 825

98 501

272 001

287 513

-

Overført frå Statens pensjonsfond utland til statsbudsjettet

417 426

396 600

390 066

390 066

=

Netto avsett i Statens pensjonsfond utland

-310 602

-298 099

-118 065

-102 553

+

Renteinntekter og utbyte i fondet

224 510

235 100

230 000

223 663

=

Overskot i Statens pensjonsfond

-86 091

-62 999

111 935

121 110

3.

Statsbudsjettet og Statens pensjonsfond

 

 

 

 

 

Samla overskot

-39 190

-62 999

111 935

142 207

 

Tabell 2 Statens pensjonsfond 2021 (mrd. kroner)

Statens pensjonsfond utland

Statens
pensjonsfond Noreg

Samla

Netto kontantstraum

287,5

 

287,5

- Overført statsbudsjettet

390,1

 

390,1

+ Renter og utbyte

214,1

9,6

223,7

= Overskot

111,5

9,6

121,1

Kapital per 31.12.2020

10 907,1

292,2

11 199,3

+ Overskot

111,5

9,6

121,1

+ Valutakursregulering

-24,6

-

-24,6

+ Realiserte/urealiserte vinstar/tap

1 361,2

31,1

1 392,3

+ Inntekt frå netto finanstransaksjonar

-

 

-

= Kapital per 31.12.2021

12 355,2

332,9

12 688,1

Endra verdi, fondskapital

1 448,1

40,7

1 488,8

 

Tabell 3 Endring i det oljekorrigerte underskotet 2021 (mrd. kroner)

Frå saldert budsjett til rekneskap

Frå nysaldert budsjett til rekneskap

Nedgang i det oljekorrigerte underskotet

27,6

21,1

Netto inntektsendringar

72,2

16,6

Av dette:

Skattar og avgifter

60,2

13,8

Inntekter frå forvaltningsverksemdene

1,4

0,2

Renteinntekt og utbyte utan Equinor ASA

9,6

-0,3

Overføring frå Noregs Bank

-3,4

0,0

Meirinntekter som heimlar meirutgifter

0,6

0,6

Lovbrotsgebyr, Konkurransetilsynet

1,6

1,6

Andre inntekter under departementa

2,3

0,8

 

Netto utgiftsendringar

44,5

-4,5

Av dette:

Folketrygda, inkludert dagpengar, kap. 2530-2790

19,8

1,2

Renteutgifter, statsgjeld, kap. 1650, post 89

-0,4

-0,2

Momskomp. kommunar, fylkeskommunar og frivillige, kap. 1632

-1,4

-0,9

Nettoordning statleg betalt MVA, kap. 1633

0,0

-0,4

Regionale helseføretak, kap. 0732

8,2

1,6

Statens vegvesen, kap. 1320

2,0

1,6

Beredskap, kap. 0702

-0,4

-1,5

Jernbaneføremål, kap. 1352-1359

-1,3

-1,3

Kjøp av materiell mm under forsvaret, kap. 1760

0,3

1,1

Allmenne kulturføremål, kap. 0325

2,3

1,0

Politidirektoratet, kap. 0440

-0,5

-1,0

Omsorgstenester kap. 0761

-0,9

-0,9

Diverse tilskot, kap. 0900, 60-85

1,5

-0,5

Vaksinar, kap. 0710

-0,8

-0,5

Andre netto endringar, medrekna utgifter heimla i meirinntekter

16,3

-3,8