Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Sterk evaluering av Ungt Entreprenørskap

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Evalueringa av Ungt Entreprenørskap viser ein solid organisasjon som med relativt få tilsette når ut til svært mange elevar og studentar.

Evalueringa av Ungt Entreprenørskap viser ein solid organisasjon som med relativt få tilsette når ut til svært mange elevar og studentar.

Nordlandsforskning og Kunnskapsparken i Bodø har evaluert statens tilskot til Ungt Entreprenørskap. Evalueringa viser at Ungt Entreprenørskap tilbyr ei stor mengde program med høg kvalitet. Organisasjonen er slank og veldrive i høve til storleiken på tilskotet og talet på elevar organisasjonen når. I 2010 var over 150 000 elevar og studentar med i ulike aktivitetar i regi av Ungt Entreprenørskap.

- Eg er oppteken av at det er eit rikt mangfald av arbeidsplassar over heile landet. For å få det til, treng me mange med pågangsmot og stå-på-vilje som vel å starte sine eigne bedrifter. Eg er imponert over engasjementet, kreativiteten og motet som Ungt Entreprenørskap er med og utløyser hos unge skaparar, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

- Å legge til rette for entreprenørskap og nyetablering er avgjerande for nyskaping og økonomisk vekst. Eg trur at det mest effektive verkemiddelet for å skape ein sterk entreprenørskapskultur er å satse på entreprenørskap i utdanninga. Eg er svært glad for at Ungt Entreprenørskap i så sterk grad gjev kompetanse og inspirasjon til potensielle ”grunderspirer”, seier nærings- og handelsminister Trond Giske.

I 2009 la KD, NHD og KRD fram ein handlingsplan for entreprenørskap i utdanninga. Regjeringa ønskjer å styrke kvaliteten og omfanget av entreprenørskapsretta opplæring innanfor alle nivå og fagområde i utdanningssystemet. Ungt Entreprenørskap er ein viktig aktør i dette arbeidet.

Ungt Entreprenørskap er ein fri og uavhengig organisasjon som arbeider aktivt saman med skular og utdanningsinstitusjonar for å gjere sitt til at alle elevar og studentar får eit tilbod om opplæring i entreprenørskap. Aktiviteten har vakse kraftig etter at organisasjonen vart etablert i 1997. Ungdomsbedrift vert i dag tilbydd på over halvparten av alle vidaregåande skular i Noreg.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen