Historisk arkiv

Stort potensial for energisamarbeid med Mosambik

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgiver: Olje- og energidepartementet

Olje- og energiminister Terje Søviknes tok fredag imot energiministeren i Mosambik, Leticia Klemens, for å diskutere korleis ein kan bygge vidare på det allereie tette energisamarbeidet mellom dei to landa.

- Eg er glad for det gode samarbeidet mellom Norge og Mosambik innan fornybar energi og olje og gass. Mosambik har store ressursar, både i form av vasskraft og gass, og kan bli ein viktig kraftleverandør i regionen og ein stor eksportør av LNG. Norsk næringsliv har verdsleiande kompetanse på desse områda, og det er eit stort potensial for enda nærare samarbeid også i privat sektor, seier olje- og energiminister Terje Søviknes.

Olje- og energiminister Terje Søviknes tok imot sin kollega frå Mosambik, Leticia Klemens. (foto: HEV/OED).

Energiministeren har eit omfattande program under sitt besøk i Norge denne veka. Ho møter mellom anna Oljedirektoratet og NVE, i tillegg til ei rekke aktørar i energi- og petroleumssektoren.

Mosambik og Norge feirar i år førti år med utviklingssamarbeid.