Støtteordninga for store publikumsopne arrangement har opna

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

No kan arrangørar søke om støtte til avlyste eller nedskalerte arrangement for perioden 1. desember 2021 – 30. juni 2022.

Støtteordninga for store publikumsopne arrangement har no opna for søknader, etter at Stortinget 24. januar 2022 slutta seg til forslag frå regjeringa om gjeninnføring av ordninga.

Ordninga gjeld avlyste eller nedskalerte arrangement som skulle ha vorte halde i perioden 1. desember 2021 – 30. juni 2022. Ordninga er avgrensa til publikumsopne arrangement med eit venta besøkstal på minst 100 deltakarar eller meir, og som er av regional eller nasjonal verdi. Ordninga har vore lyst ut tre gangar tidlegare, for arrangement i perioden 5. mars 2020 – 31. oktober 2021.

Ordninga blir forvalta av Innovasjon Noreg. Besøk Innovasjon Noreg si nettstad for meir informasjon om ordninga og for å søke om tilskot:

Støtteordning for store publikumsopne arrangement 2021/2022 (innovasjonnorge.no)