Tok imot PUD for Oseberg-feltet

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Olje- og energiminister Marte Mjøs Persen har tatt imot endra plan for utbygging og drift av Oseberg-feltet.

Partnerane i Oseberg Area Unit vil redusere CO2-utsleppa frå Oseberg feltsenter og Oseberg Sør-plattforma. Samtidig skal gassproduksjonen frå feltet aukast.

Olje- og energiministeren mottok PUD-en av Equinor og partnere i Stavanger. Her er partnerskapet representert ved Cecilie Aarskog Bekkeheien fra Equinor (t.v).
Olje- og energiministeren mottok PUD-en av Equinor og partnere i Stavanger. Her er partnerskapet representert ved Cecilie Aarskog Bekkeheien fra Equinor (t.v).

Målet er å utvikle Oseberg-feltet frå hovudsakleg å vere ein oljeprodusent til å bli ein større gassprodusent.

— Det er hyggeleg å ta imot den endra utbyggingsplanen for Oseberg. Prosjektet vil bidra til auka utvinning av olje og gass frå feltet. Dette er lønnsame tilleggsressursar som vil bidra med mange milliardar til fellesskapet, seier Mjøs Persen.

Det skal installerast to nye kompressorar for auka gassutvinning på Oseberg feltsenter, og samtidig skal plattformene delelektrifiserast med straum frå land.

Det er anslått at meir enn 70 prosent av investeringane i Oseberg-oppgraderingane vil gå til leverandørar i Noreg. Det nye anlegget skal etter planen startast opp i 2026.