Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Underteikna tryggingsavtale mellom Noreg og Hellas

Forsvarsdepartementet har i samarbeid med Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) tinga fram ei tryggingsavtale mellom Noreg og Hellas. Underteikninga fann stad i Aten tysdag 22. januar.

Ambassadør Jørn E. Gjelstad underteikna på vegne av den norske regjeringa, mens generalmajor Minas Papadakis frå den greske generalstaben underteikna frå gresk side. Avtalen gjer mogleg utveksling av nasjonal gradert informasjon og gjer reglar for forsvarleg handsaming av slik informasjon som blir motteke frå den andre parten. Avtalen opnar for eit bredt samarbeid mellom Noreg og Hellas innanfor forsvarssektoren, som til dømes leveransar av forsvarsmateriell.

Generalmajor Minas Papadakis frå den greske generalstaben og ambassadør Jørn E. Gjelstad underteikna tryggingsavtalen.
Generalmajor Minas Papadakis frå den greske generalstaben og ambassadør Jørn E. Gjelstad underteikna tryggingsavtalen.
Til toppen