Utsyn over norsk landbruk

Dette innhaldet er meir enn 2 år gammalt.

Norsk institutt for bioøkonomi er er ute med ny utgåve av Utsyn over norsk landbruk. Boka gir brei oversikt over tilstand og utviklingstrekk i norsk landbruk.

I 1990 var det nær 100 000 jordbruksbedrifter i Noreg, fire matkonsern omsette 46 prosent av daglegvarene og landet hadde 84 kjøtslakteri. I 2020 var det rett under 40 000 jordbruksbedrifter, tre konsern omsette vel 96 prosent av daglegvarene og talet på slakteri var 35.

Berre mogleg å dyrke gras i store delar av landet

Ein vesentleg del av føresetnadane for norsk jord- og skogbruk er naturgitte. Klimatiske forhold avgjer kva vekstar som er moglege å dyrke i Noreg, skriv Nibio.

Sukkervekstar dyrkar vi ikkje i Noreg. Korn blir dyrka i hovudsak på flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag.  I store delar av Noreg er fôrdyrking i form av gras, eller grovfôr, langt på veg einaste moglege planteproduksjon. Derfor er grovfôrbasert husdyrproduksjon så viktig i norsk jordbruk.

Færre gardsbruk, men like stor produksjon

I 1999 var antal jordbruksbedrifter 70 700, i 2020 var talet 38 600. Trenden er at produksjonen blir konsentrert på færre einingar utan at samla produksjonsvolum går ned. Eit anna trekk ved utviklinga er at talet på jordbruksbedrifter med husdyr går kraftig ned.

I 1999 blei det utført  79 900 årsverk i norsk jordbruk. I 2020 var talet 42 900 årsverk.

I 1999 var gjennomsnittleg jordbruksareal per driftseining 147 dekar, i 2020 var det 256.

I 1999 var 32 prosent av jordbruksarealet leigejord. I 2020 var det 46 prosent. Leigejord har hatt aukande betydning gjennom heile etterkrigstida.

94700 sysselsette

Av samla sysselsetting i Noreg som per 2018 var 2 792 400 personar, er 45 200 personar sysselsette i jordbruket, medan 49 500 personar er sysselsette i nærings- og nytingsmiddelindustrien.

Trøndelag det største jordbruksfylket

Trøndelag var det største jordbruksfylket i 2018, både målt i bruttoprodukt (nær 3,0 mrd. kroner) og i sysselsetting (6 900 sysselsette). Fylket er og det største innan nærings- og nytingsmiddel -industrien med eit bruttoprodukt på 6,8 mrd. kroner og ei sysselsetting på 6 100 sysselsette.

Store endringar  innan daglegvarehandelen

Store endringar skjedde innan daglegvarehandelen i Noreg på 1990-talet. I 1990 stod fire konsern for ca. 46 prosent av daglegvareomsetninga. I 2015 hadde dei 96 prosent. Etter at Coop Norge kjøpte ICA Norge i 2014, er dei tre store matvarekjedene no Coop Norge, REMA 1000 Norge og NorgesGruppen.

10,2 millionar kubikmeter tømmer

I 2020 blei 10,2 millionar kubikmeter tømmer levert til skogindustrien. Omtrent 34 prosent av det avverka tømmeret blei eksportert.

Storvilt for meir enn 0,5 milliardar

Estimat for samla førstehandsverdi, basert på stipulert slaktevekt av storvilt felt i sesongen 2020/2021, er 571 millionar kroner.