Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Vil setje i stand natur- og friluftslivsområde

Regjeringa foreslår å løyve 50 millionar kroner for å setje i stand og ta vare på natur- og friluftslivsområde rundt om i landet. Tiltaka er ein del av planen for å hjelpe verksemder som er råka av koronakrisa.

- Regjeringa vil ta vare på naturmangfaldet og leggje til rette for friluftsliv. Samstundes er det no stort behov for å sikre arbeidsplassar. Regjeringa nyttar difor høvet til å gjennomføre fleire bygg- og vedlikehaldstiltak for å ta betre vare på naturen vår. Tiltaka vil òg medverke til å sikre private arbeidsplassar rundt i landet, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V).

Pengane vil gå til å gjennomføre tiltak for truga arter og naturtypar, fjerne framande arter, setje i stand friluftslivsområde, oppgradere genbankar og bygge fisketrapp. Pengane er ein del av regjeringa sine midlar sett av til bygg- og vedlikehaldstiltak som skal medverke til auka sysselsetting i ei krevjande tid for norsk økonomi. Regjeringa vil bidra til at bedriftene kjem i gang igjen over heile landet og at fleire permitterte kjem tilbake i jobb. Det er viktig å unngå at folk blir for lenge utanfor arbeidslivet, for då er det langt vanskelegare å komme inn igjen. Vi må ikkje miste fleire på vegen gjennom krisa.

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til Miljødirektoratet med 4,3 millionar kroner for å ta vare på truga arter og naturtypar. Pengane vil gå til konkrete restaurerings- og skjøtselstiltak i Innlandet, Vestland, Viken, Oslo, Trøndelag og Agder.

Regjeringa foreslår òg å løyve 13,3 millionar kroner til konkrete tiltak mot skadelege framande arter over heile landet. Skadelege framande arter er ein stor trussel mot naturmangfaldet. Dei konkrete tiltaka vil medverke til at vi får nedkjempa fleire skadelege framande arter enn vi elles ville fått til.

Regjeringa vil støtte friluftslivet. Regjeringa foreslår difor å løyve 12,8 millionar kroner til å gjennomføre fleire konkrete tilretteleggingstiltak i statleg sikra friluftslivsområde. 10 millionar kroner av desse vil gå til Friluftsrådenes Landforbund og vil bli fordelt dei tilslutta friluftsråda. 2,8 millionar kroner vil gå til Oslofjordens Friluftsråd.

Regjeringa foreslår å løyve 13,6 millionar kroner til å oppgradere seks genbankar i Rauma, Sandnes, Hemne, Eidfjord og Leirfjord kommune. Anlegga er viktige for anadrom laksefisk og har samtidig store behov for vedlikehald. Det blir òg foreslått å løyve 6 millionar kroner til å bygge fisketrapp i Nausta i Naustdal kommune. Tiltaka vil medverke til å ta betre vare på laksefisken i Noreg.

Heile løyvinga på 50 millionar kroner er innanfor gjeldande postar og tilskotsordningar under Miljødirektoratet.

Til toppen