Mennesket og rovdyra


Vedlegg 4

Mennesket og rovdyra

1 OMFANGET AV SAUEHALDET INNANFOR KJERNEOMRÅDA FOR BJØRN OG JERV

Av dei 70 kommunane som har geografisk tilknyting til kjerneområda er det svært varierande kor mykje sauehaldet tyder i høve til total sysselsetting. Tabell 4.1 - 4.6 under viser total sysselsetting i kommunane, årsverk i sauehaldet og årsverk i sauehald innanfor kjerneområda i 1995. Det er rekna med 100 vinterfôra sau pr årsverk. Siste kolonne viser årsverk i sauehaldet innanfor kjerneområda i prosent av total sysselsetting i kvar kommune. Enkelte av kommunane i tabellane under ligg utanfor kjerneområda, men har sauebuskapar som beiter innanfor kjerneområda. Tilsvarande kan det førekome kommunar som ligg dels innanfor eit kjerneområde, men der sauehaldet ikkje er involvert. Desse kommunane er ikkje med i oversynet.

Talet på sau som beiter innanfor kjerneområda er i somme høve vurdert skjønsmessig av landbruksstyresmaktene i dei einskilde fylke og kommunar, t d der eit beitelag har beiteområde på begge sider av grensa for kjerneområdet. Det kan difor førekome mindre avvik frå det rette talet sau som er bruka til å rekne ut årsverktalet i tredje kolonne i tabellane. Årsverka i sauehaldet er rekna ut frå oppgjeve tal alssøyer pr. 31.12.95.

Sau innanfor kjerneområda utgjer 0,1% av den totale sysselsettinga i Hedmark. Dette utgjer om lag 114 årsverk. I kommunane Stor-Elvdal, Rendalen og Engerdal utgjer sauehaldet innanfor kjerneområda mellom 1 og 3% av total sysselsetting, medan tilsvarande tal i andre kommunar i Hedmark ligg under 0,6% av total sysselsetting i kommunen.

I Oppland fylke utgjer sauehaldet innanfor kjerneområda for rovvilt 0,4% av total sysselsetting eller om lag 300 årsverk. Den mest utsette enkeltkommunen er Lesja, med nesten 7% av total sysselsetting eller 69 årsverk innanfor kjerneområda. Dovre og Ringebu har begge om lag 3% av total sysselsetting knytt til sauehald innanfor kjerneområda, medan tilsvarande tal for Sør-Fron, Øyer og Vågå ligg mellom 1 og 2%. I Ringebu er vel 60 årsverk knytt til sauehald innanfor kjerneområda.

I Møre og Romsdal utgjer sauehaldet innan kjerneområda 0,1% av total sysselsetting eller om lag 80 årsverk. Dei kommunar som er mest utsette er Norddal og Nesset med 1-2% av total sysselsetting knytt til sauehald innanfor kjerneområda. I Rauma og i Sunndal utgjer sauehaldet innanfor kjerneområda over 20 årsverk.

Sauehaldet innanfor kjerneområda tyder lite for den totale sysselsetting i Sør-Trøndelag, og det er berre Oppdal kommune som er råka med vel 1% av total sysselsetting eller 35 årsverk knytt til sauehaldet innanfor kjerneområda.

I Nord-Trøndelag utgjer sauehaldet innanfor kjerneområda 0,2% eller snautt 130 årsverk. Her skil Lierne seg ut med 5% av total sysselsetting eller 33 årsverk knytt til sauehald innanfor kjerneområda. Kommunane Snåsa, Grong, Namsskogan og Høylandet er råka med 1-2% av total sysselsetting. I Snåsa og i Grong utgjer dette snautt 20 årsverk av ei total sysselsetting på vel 1000 årsverk.

Som i Nord-Trøndelag er 0,2% av den totale sysselsettinga i Nordland knytt til sauehald innanfor kjerneområda for rovvilt. I Nordland utgjer dette om lag 240 årsverk. Kommunane Beiarn, Skjerstad, Hattfjelldal, Grane og Hemnes er mest utsette med 2-5% av total sysselsetting knytt til sauehald innanfor kjerneområda. Av desse kommunane utgjer sysselsettinga i sauehaldet innan kjerneområda mest i Hemnes, med om lag 45 årsverk. I Saltdal er vel 1% av sysselsettinga involvert, og dette utgjer vel 30 årsverk i sauehaldet.

Sauehaldet innanfor kjerneområda tyder lite for den totale sysselsetting i Troms og Finnmark.

For dei tre kommunane Lesja, Lierne og Beiarn tyder sauehaldet innanfor kjerneområda meir enn 4% av den totale sysselsettinga i kommunen. For dei åtte kommunane Rendalen, Engerdal, Dovre, Ringebu, Grane, Hattfjelldal, Hemnes og Skjerstad tyder sauehaldet innanfor kjerneområda mellom 2 og 4% av total sysselsetting i kommunen.

Tabell 4.1 Sysselsetting i sauehaldet i kommunar i Hedmark som har beite i kjerneområda.

Tabell 4.2 Sysselsetting i sauehaldet i kommunar i Oppland som har beite i kjerneområda.

Tabell 4.3 Sysselsetting i sauehaldet i kommunar i Møre og Romsdal som har beite i kjerneområda.

Tabell 4.4 Sysselsetting i sauehaldet i kommunar i Trøndelag som har beite i kjerneområda.

Tabell 4.5 Sysselsetting i sauehaldet i kommunar i Nordland som har beite i kjerneområda.

Tabell 4.6 Sysselsetting i sauehaldet i kommunar i Troms og Finnmark som har beite i kjerneområda.

2 BUDSJETTSTØTTE TIL SAUEHALDET

Den totale budsjettstøtta til sauenæringa utgjorde i 1995 om lag 1,6 milliardar kroner dersom ikkje skjermingsstøtte, avløysartilskot og dei individuelle støtteordningane (investeringsstøtte m v) blir rekna med. Dette utgjer om lag 65.000 kroner pr buskap med sau. Grovt rekna utgjer dette eit årleg støtteomfang på 138 mill kr til sauehaldet innanfor kjerneområda for bjørn og jerv dersom det blir rekna med lik støtte pr sau over heile landet og at knapt 9% av sauen er innanfor kjerneområda.

Den totale årlege budsjettstøtta i rovdyrutsette område ligg i storleiksorden 1000-2000 kroner pr søye (figur 4.2).

Med ein gjennomsnittleg buskapsstorleik på vel 50 vinterfôra søyer, utgjer budsjettstøtta til sau i rovdyrområda om lag 70 kr pr kg produsert sau og lam. Støtta er delt på kg produsert kjøtt ut frå distrikt og buskapsstorleikar slik figur 4.3 viser. Den høgaste støtta til sauehaldet går til små buskapar i Finnmark, med ei støtte på om lag 90 kr pr kg produsert kjøtt. Den lågaste støtta går til store buskapar i Rogaland og på Austlandet, med ei støtte på 30-40 kr pr kg produsert kjøtt.

Figur 4.1 Oversikt over total budsjettstøtte til sauehaldet i 1995 samanhalde med marknadsinntektene frå kjøtt og ull (mill kroner).

Figur 4.2 Total budsjettstøtte pr vinterfôra søye i 1996 delt på buskapsstorleik og distrikt.

Figur 4.3 Total budsjettstøtte pr kg produsert kjøtt delt på buskapsstorleikar og distrikt.

3 HJORTEVILT

I Direktoratet for naturforvaltning sin nasjonale handlingsplan «Forvaltning av hjortevilt mot år 2000» er det i omtalen av avgjerdsgrunnlaget og behovet for forsking sagt følgjande: «Det er et vedtatt nasjonalt miljømål at det skal sikres levedyktige bestander av store rovdyr i Norge, og at disse bestandene primært skal sikres innenfor kjerneområder. Foreløpig er det opprettet slike kjerneområder for bjørn og jerv. Selv om utmarksbeitingen med bufe og tamrein vil legge klare begrensninger på hvor store rovdyrbestander vi kan ha i Norge, er det grunn til å regne med at predasjonen på hjortevilt i enkelte lokale områder vil kunne øke og at dette er en faktor som må tas hensyn til i forvaltningen, f eks ved at fellingskvoter og rettet avskyting på hjortevilt justeres. Det er også grunn til å vektlegge betydningen av hjortevilt som byttedyr for store rovdyr når forvaltningsstrategier for kjerneområdene fastsettes, slik at en kan oppnå en reell flerbestandsforvaltning med et biologisk mangfold-perspektiv. Dette aktualiserer behovet for mer kunnskap om slik predasjon under skandinaviske forhold. Det tilrås derfor at slik forskning kommer i gang, og at en i første omgang bør prioritere predasjonssystemene bjørn/ulv - elg og gaupe/rev - rådyr. For å oppnå gode resultater innenfor en rimelig tidsramme og ressursinnsats bør slik forskning organiseres som et norsk/svensk samarbeid og samordnes med den rovviltforskningen som allerede pågår.»

Tilhøvet mellom jerv og villrein er dels undersøkt ved å samanlikne villreinområda Hardangervidda og Snøhetta. Begge områda har vore gjennom nokså like overbeitingssituasjonar, men ein fast bestand av jerv finst berre i Snøhetta. Resultata viser at det ikkje kan påvisast skilnader i rekrutteringa av kalv til dei to villreinstammene. Registreringar av hi og diett i hiperioden viste likevel at noko predasjon på reinkalvar førekom. Samanlikninga viste vidare at prosentdelen av gamle simler er vesentleg mindre i Snøhetta. Dette tyder på at jerven først og fremst tek gamle simler med nedslitne tenner og som er dårlege produksjonsdyr, dvs dyr som i større grad også burde vore tekne ut under jakt dersom ein skal halde oppe ei høgproduktiv stamme av dyr med god kvalitet. Den årlege ungeproduksjonen til jerven synest å henge saman med førekomsten av smågnagarar.

I ei norsk undersøking er jaktstatistikk samanstilt for respektive heile landet og for kommunar med og utan bjørn. Det er også gjennomført ei særskild spørjeundersøking til jaktvalda i Trysil og Lierne kommunar. Fokus vart retta mot rovdyrartane bjørn, ulv og gaupe i høve til rådyr og elg. Det er konkludert med at innverknaden av rovdyrstammene i dag på elg- og rådyrstamma generelt synest å vere svært avgrensa. Spørjeundersøkinga til jaktvalda viser at mange jegerar meiner at auka gaupebestand fører til redusert rådyrbestand på vald der begge artar førekjem. Det er også gjort utrekningar av kjøtverdi som viser at gaupe kan ta ut monalege verdiar sett i høve til jaktuttaket og annan registrert avgang utanom jakt. For bjørn - elg viste tilsvarande utrekningar små verdiar samanlikna med jaktuttaket. Det kunne heller ikkje ut frå jaktstatistikk påvisast ulik bestandsutvikling for elg i område med og utan bjørn, noko som vart stadfest av intervjuundersøkinga. Noverande bestand av ulv i Noreg er så avgrensa at predasjonsomfanget ikkje tyder noko i denne samanhengen.

Det skandinaviske bjørneprosjektet har undersøkt bjørnepredasjon på elgkalvar innanfor eit område i Sverige som har den tettaste bjørnebestanden i Skandinavia. Førebels tyder resultata på at i underkant av 20 % av elgkalvane her vart drepne av bjørn. Sjølv i dette området er likevel elgbestanden så stor i høve til bjørnebestanden at dette uttaket har liten innverknad på storleik og samansetting av elgbestanden etter jakt samanlikna med andre område med lita eller inga bjørnestamme. Omfattande sporing av bjørn på vårsnøen tyder på at bjørnen sjeldan tek vaksen elg om våren i Sør-Skandinavia. Dette skjer truleg noko oftare i nord, og det ligg også føre data som tyder på at fleire vaksne elgar blir tekne utanfor enn innanfor reproduksjonsområda med tettast bjørnebestand. Det ligg ikkje føre data som kan stadfeste påstandar frå jegerar om at elgen trekker unna område der det finst bjørn, slik at utbyttet av jakta blir redusert. Ein kan ikkje sjå bort frå at dette kan førekome i einskilde lokale område, og då mest truleg der elgen ikkje er van med bjørn. Røynsler frå Sverige tyder likevel på at slike problem er marginale. Påstandar om at predasjon frå bjørn skulle vere ei viktig årsak til nedgang i elgbestanden i delar av Hedmark kan også klårt avvisast, då dette skuldast at fellingskvotane ikkje vart nedjustert lokalt under eit forsøk på å redusere og stabilisere bestanden.

I ei større vinterinventering gjennomført av svenske jegerforeiningar i Värmland og Dalarna vart talet på gaupe og ulv og talet på byttedyr tekne av desse registrert. På grunnlag av dette er det gjort utrekningar som tyder på at kvar gaupe kan drepe omlag 50 rådyr og omlag 10 harar pr år, medan kvar ulv kan drepe omlag 10 elgar og omlag 15 rådyr. Frå dette er det utrekna at dei 23 ulvane i området kan stå for eit uttak av 230 elgar og 345 rådyr i året, og at dei 253 gaupene kan ta ut 12.650 rådyr og 2.530 harar. Til samanlikning hausta dei 36.000 jegerane i desse to län same år omlag 15.000 elgar, omlag 18.000 rådyr og omlag 10.000 harar. Resultata samsvarer bra med studiar av radiomerka gauper i Hedmark, der data førebels tyder på at kvar gaupe i gjennomsnitt drep og et eitt rådyr kvar 7. - 10. dag. Predasjon frå gaupe er difor ei vanleg dødsårsak for rådyr. Ein veit likevel ikkje nok om korleis storleiken på gaupebestanden verkar inn på tettleiken av rådyr. Utviklinga i rådyrbestanden avheng også av andre viktige ytre faktorar, ikkje minst snøtilhøva og predasjon av raudrev på rådyrlamma, som kan vere monaleg. Gaupa kan difor ikkje tilleggast hovudskulda for den vesentlege nedgangen i rådyrbestanden som ein har hatt i desse delane av Hedmark dei siste åra. Dette skuldast i større grad snørike vintrar og at revebestanden på nytt har auka vesentleg etter at den ei tid var desimert av skabb.

Generelt må ein gå ut frå at gaupa sin innverknad på rådyrbestanden vil avhenge av rådyrtettleiken. I tradisjonelt gode gaupeområde som austre Hedmark og Nord-Trøndelag var det høg avskyting av gaupe rundt midten av førre hundreåret, dvs lenge før rådyret fekk fotfeste i desse områda. Vi veit likevel ikkje nok om kor avhengig gaupa er av større byttedyr som rådyr og sau, og korleis variasjonar i tilgangen på desse påverkar reproduksjon og dødstal hos gaupe.

4 UNDERSØKINGAR OM HALDNINGAR TIL ROVDYR

Feedback Research gjennomførte i 1995 på oppdrag av Miljøverndepartementet ei intervjuundersøking av eit landsomfattande representativt utval i samband med naturvernåret. Resultata viste at av norske plante- og dyreartar er det først og fremst store rovdyr som folk opplever som truga av utrydding. Halvparten av befolkninga nemner ulv og nesten halvparten nemner bjørn. Bønder og fiskarar låg jamnt over noko lågare enn andre yrkesgrupper når det gjeld å oppleve ulv, bjørn og gaupe som truga av utrydding, medan typisk bybefolkning nemnde desse artane i størst omfang. Undersøkinga viste vidare at det store fleirtal av befolkninga har eit tilhøve til verdien av å ha ulv og bjørn i den norske naturen. Omlag 3/4 av nordmennene er heilt eller ganske usamde i påstanden «det er ikke viktig for meg om det i fremtiden finnes ulv og bjørn i Norge». Bønder og fiskarar, som altså ikkje i like stor grad opplever rovdyra som truga, viste ikkje vesentleg avvik frå resten av folket på dette området. Det gjekk likevel eit skilje mellom personar med høgare utdanning og personar med berre grunn- og ungdomsskule.

I ei meiningsmåling blant 1.000 personar som vart gjennomført i januar 1997 på oppdrag frå Framtiden i våre hender, svarte 62% at dei er prinsipielt mest samd i ei utsegn om at «Sauenæringen bør legge om driften slik at bjørn, ulv, jerv og gaupe kan eksistere i levedyktige bestander». 28% var mest samd i utsegna «Sauenæringen bør prioriteres foran ønsket om å bevare levedyktige bestander av bjørn, ulv, jerv og gaupe», medan 10% ikkje hadde noko meining om dette. Også i denne undersøkinga var dei yngre aldersgruppene meir positive til rovdyr enn dei eldre. I dei store byane var 72% mest samde i den første utsegna, medan fordelinga i spreidtbygde strok var jamnare med respektive 48% som ville legge om drifta og 42% som ville prioritere sauenæringa.

Med basis i ein metode som er brukt i Nord-Amerika gjennomførte Norsk institutt for naturforsking (NINA) i 1993-94 på oppdrag frå Direktoratet for naturforvaltning ei intervjuundersøking om haldningar til ulv hos 300 personar i tre Hedmarks- kommunar der det lenge har vore konfliktar omkring ulv. 14 % av utvalet ønskte at ulven i Noreg skulle fjernast heilt, 37 % ønskte ein reduksjon i ulvebestanden, 40 % ville halde bestanden på det nivå den har i dag og 7 % ville auke den. Dette må sjåast i lys av at eit stort fleirtal av respondentane meinte at talet på ulv i Noreg er mykje høgare enn det verkeleg er; 32 % meinte talet er over 100 og 42 % meinte det er mellom 20 og 100. Resultata viser elles at menn og kvinner ikkje hadde ulike meiningar om storleiken på ulvebestanden, men den delen av respondentane som ville fjerne eller redusere talet på ulvar auka med aukande alder og lågare utdanningsnivå. På tilsvarande spørsmål om bjørn til same utvalet var svarmønsteret svært likt. Av yrkesgruppene var det kategorien «trygda/pensjonist» som i størst grad ville fjerne (31 %) eller redusere (40 %) ulvebestanden. I høve til gjennomsnittet for heile utvalet ville gardbrukarane i mindre grad fjerne og i større grad redusere ulvebestanden, medan 35 % ville ha bestanden på dagens nivå. For tilsette i andre næringar var den største svarkategorien «å beholde bestanden som i dag». Over halvparten av jegerane meinte bestanden av ulv bør vere som i dag (40 %) eller aukast (11 %). Ikkje-jegerar hadde ein større prosentdel som ville redusere talet på ulv. Ein stor del av utvalet (44 %) ga uttrykk for at dei er redde for ulv, medan ein mindre del (28 %) meinte at ulven er farleg for menneske. I vurderinga av resultata blir det peika på at talet som vil fjerne eller redusere ulvebestanden aukar med aukande «oppfatta tal» på ulv i Noreg, og at informasjon om at det verkelege talet er lågt difor til ei viss grad vil kunne redusere dei negative haldningane. Men ein må også rekne med at negative haldningar fører til at ein del meiner talet på ulv er høgt.

Senter for miljø og utvikling ved NTNU gjennomførte i 1995-96 med finansiering frå Direktoratet for naturforvaltning og Tiltaksfond for småfe og fjørfe m m ei undersøking blant sauebønder, miljøforvaltarar og landbruksforvaltarar om bjørneforvaltinga. Undersøkinga omfatta både partane si oppfatning av kvarandre, av eiga rolle og av sjølve forvaltingsproblemet. Resultata viser at det er klåre skilnader i korleis dei tre gruppene oppfattar bjørneproblematikken. I mange samanhengar har sauebønder og miljøforvaltarar motsette haldningar, med landbruksforvaltarar i ei mellomstilling. Ser ein på partane si oppfatning av kvarandre og forvaltingsproblemet, framstår to klåre dimensjonar. Ein dimensjon kan omtalast som at «sauenæringa blir neglisjert», eit syn sauebøndene var mest samde i. Vidare har ein eit syn som framheva «objektive forvaltarar mot negative sauebønder». Forvaltarane var mest samde i denne oppfatninga. Dei same skillelinjene framkom også i tilhøve til aksept av bjørn. Sauebøndene har lågast, miljøforvaltarane høgast aksept av bjørn.

Sjølv om partane har klårt ulike oppfatningar, har dei likevel relativt godt kjennskap til kvarandre. Til dømes kjenner aktørgruppene godt til korleis «motparten» vurderer einskilde framtidige utviklingstrekk. Ser ein på meir attanforliggande tilhøve som haldningar til dyreliv er kunnskapen om kvarandre noko mindre, men det er likevel snakk om partar som kjenner kvarandre etter måten godt. Vurderinga av talet på bjørn er også eit døme på denne gjensidige kunnskapen. Alle meiner at sauebøndene trur det er meir bjørn enn dei siste låge bestandsestimata tilseier, noko dei faktisk også gjer. Dette er også eit godt døme på dei store skilnadene i partane si oppfatning av dei faktiske tilhøve. Sauebøndene trur ikkje på dei gjeldande bestandsestimata. Dei trur estimata er påverka av haldningane til forskarane og forvaltarane. Forvaltarane derimot har tiltru til bestandsestimata som ligg føre. Dette er eit godt døme på at sjølv om informasjon kan spele ei viktig rolle, så vil det om ein ønskjer å redusere konflikten i framtida, vere viktig å betre tilliten mellom partane.

I vurderinga av resultata peikar oppdragstakarane på to viktige aspekt i forvaltinga av denne konflikten i åra framover. Eit aspekt er ei verdibunden (politisk) avklåring. Ønskjer ein å ha sameksistens mellom bjørn og sau, eller ønskjer ein å skille desse to interessene. Velgjer ein å skille dei er det sjølvsagt også behov for å avklåre kva interesse som skal prioriterast i dei aktuelle kjerneområda. Forsking tyder på at sameksistens mellom bjørn og sau er vanskeleg, men uansett kva interesser som blir prioritert vil eit val om å skille innebere politiske (og) eller økonomiske kostnader. Dersom «storsamfunnet» ønskjer sameksistens mellom bjørn og sau, bør det også kome i gang ein dialog mellom partane om kva ein slik sameksistens faktisk skal tyde. Ein slik dialog vil stille krav til begge partar. For å få til sameksistens er det viktig med tillitsskapande tiltak. Dette kan t d vere førebyggande tiltak som faktisk reduserer tapa til sauebøndene. Ein vil likevel stå overfor mange problem, ikkje minst av biologisk karakter. Det vil difor vere viktig å få i gang forsking med høg fagleg kvalitet omkring førebyggande tiltak.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen