2 Samandrag


2 Samandrag

2.1 RAMMER FOR ROVVILTFORVALTINGA

1. Rammene for rovviltforvaltinga er gitt i norsk miljøvernlovgjeving og i internasjonale avtalar som Noreg har slutta seg til. Det framgår av Bernkonvensjonen at kvart einskilt partsland på sjølvstendig grunnlag pliktar å halde ved lag levedyktige bestandar av artar som er omfatta av konvensjonen og som naturleg finst innanfor landet sine grenser. Det framgår vidare at partslanda plikter å samarbeide der dette er føremålstenleg, og særleg der dette kan auke effektiviteten av tiltak som er gjort i høve til konvensjonen. Dette tilseier m a at samarbeid over landegrensene bør finne stad i tilfelle der vedtak om forvalting eller vern fatta på nasjonalt nivå ikkje kan sjåast på som tilstrekkeleg for å sikre at ein art overlever. For Noreg sitt vedkomande vil samarbeid med grannelanda styrke forvaltinga av dei store rovdyra, utan at dette svekker våre eigne plikter i høve til dei enkelte artane. Det blir ikkje sett som legitimt å basere seg på at ein art finst og overlever på grunn av at grannelandet eller -landa ivaretek sine plikter, utan at ein sjølv følgjer opp innanfor eigne grenser. Konvensjonen om biologisk mangfald (Biodiversitetskonvensjonen) inneheld ikkje like spesifikke plikter som Bernkonvensjonen med omsyn til vern av enkelte artar, men har likevel fleire føresegner som er relevante i høve til forvaltinga av dei store rovdyra. Mellom anna inneheld konvensjonen plikter om, så langt råd og føremålstenleg er, å halde ved lag levedyktige bestandar av artar, ta vare på leveområda deira, og å fremje oppattbygging av truga artar.

Rovviltforvaltinga må også sjåast i samanheng med at Noreg har slutta seg til den politiske erklæringa og handlingsplanen frå Toppmøtet om verdas matvaretryggleik i Roma i november 1996, der det mellom anna er lagt vekt på at ein må fremje ei berekraftig utvikling av landbruket i lågproduktive så vel som i høgproduktive område. Samstundes er det understreka at ei utnytting av ressursane i landbruket i ein brei samanheng som grunnlag for økonomisk utvikling, sysselsetting, busetting m v, er viktig i ein langsiktig politikk for matvaretryggleik.

2. Som sentrale politiske dokument for utforming av rovviltforvaltinga i framtida, legg regjeringa til grunn St.meld.nr.27(1991-92) «Om forvaltning av bjørn, jerv, ulv og gaupe», St.prp.nr.8(1992-93) «Om retningslinjer for landbrukspolitikken», St.prp.nr.72 (1995-96) «Om jordbruksoppgjøret 1996» og St.meld. nr.28 (1991-92) «En bærekraftig reindrift», og Stortinget si handsaming av desse. Det er eit viktig siktemål å kombinere den framtidige rovviltforvaltinga med tiltak som gir grunnlag for ein aktiv jordbruksproduksjon og reindrift basert på bruk av beiteressursane i utmarka.

2.2 GJENNOMFØRTE FORVALTINGSTILTAK

1. Som oppfølging av St.meld.nr.27(1991-92) er det m a oppretta fem administrative kjerneområde for bjørn og tre administrative kjerneområde for jerv. Områda omfatter til saman om lag 23 prosent av landet sitt areal og i underkant av 9 prosent av det samla talet sau på beite i landet. Fylkesmennene har utarbeidd utkast til forvaltingsplanar for kjerneområda. Desse har vore brukte som ein viktig del av grunnlagsmaterialet for denne meldinga.

2. Det vart ved Kgl.res. av 9. juli 1993 fastsett nye føresegner om forvalting av bjørn, jerv, ulv og gaupe. Føresegnene regulerer m a felling av store rovdyr i form av skadefelling av særskilde individ av alle dei fire artane, lisensjakt på bjørn og jerv og kvotejakt på gaupe. Skadefellingsløyve blir brukte på ein differensiert måte i høve til bestandssituasjonen for dei ymse artane og i høve til om skaden har oppstått innanfor eller utanfor kjerneområda. Det er lagt til rette for ei snøgg sakshandsaming gjennom bruk av fellingsløyve på vilkår som blir gitt til fylkesmannen. Tiltaket har vist seg å vere lite effektivt i barmarksesongen. Det er opna for lisensjakt på jerv i Nordland og Troms, der ein har lagt vekt på å styre denne bestandsreguleringa til spesielt skadeutsette område. I løpet av fire år er det felt 30 jervar gjennom denne ordninga. Ordninga med kvotejakt på gaupe er administrert av fylkesmannen. Det har vore ein sterk auke i talet på fylke med gaupejakt og i storleiken på kvoten. I løpet av fire år er det felt 271 gauper av ein samla kvote på 350.

3. Nye reglar for erstatning av rovviltskadar på husdyr vart fastsett av departementet i mars 1993 og gitt verknad frå og med tapsåret 1992. Det har vore ein sterk auke i talet på sau og lam som årleg blir erstatta som rovviltdrepne. Det er store regionale skilnader i rovvilttap. På landsbasis er det mindre enn 20 prosent av det totale sauetapet som blir erstatta som rovviltskade, men fleire kommunar og bruk har monaleg større tap. Gjennomsnittleg blir 60-70 prosent av det tapet som saueeigarane har søkt om erstatta. 10-15 prosent av det som blir erstatta er dokumentert som rovviltskade, resten er erstatta som sannsynleggjorte skadar. Det er gaupe og jerv som står for største delen av tapa på landsbasis (figur 4.6). Sett i høve til rovvilttettleiken, er tapet av sau i Noreg svært høgt samanlikna med andre land. Dette har samanheng med at det i Noreg er utvikla ei driftsform med frittgåande sau på utmarksbeite i løpet av ein periode då rovdyrbestandane var nesten utrydda.

4. Nye reglar for erstatning av rovviltskadar på rein er fastsett av departementet i mars 1997. Det har dei to siste åra vore ein sterk auke i talet på rein som er erstatta som rovviltdrepen. Dette heng først og fremst saman med betre skadedokumentasjon og betre kunnskap om tapsårsaker, samt auke i rovviltbestandane i delar av landet. Gaupe og jerv står for den alt overvegande delen av dei rovviltskadane på rein som blir erstatta.

5. Det har vore ein monaleg auke i satsinga på skadeførebyggande tiltak frå både miljøvern- og landbruksstyresmaktene etter 1992. Men samstundes har både rovviltbestandane og talet sau på utmarksbeite auka i delar av landet. Den auka bruken av førebyggande tiltak har ikkje kunna hindre eit aukande skadeomfang. Evalueringar syner at dette heng saman med at ein stor del av innsatsen er blitt konsentrert om utvida tilsyn med sau på beite, som har vist seg generelt å ha liten skadereduserande effekt. Det er tilrådd at satsinga i framtida i større grad må konsentrerast om ulike kombinasjonar av tiltak som reduserer kontakten mellom rovdyr og husdyr på utmarksbeite.

2.3 ROVVILTBESTANDANE

1. Dei norske bestandane av store rovdyr er i stor grad delar av sams bestandar med våre granneland. Gjennom auka satsing på forsking og bestandsregistrering er det kome fram ny kunnskap om rovviltbestandane og rovdyra sin biologi (kap. 5, vedlegg 1). Med unntak av ulv har det vore ein auke i rovviltbestandane på norsk side.

2. Bestandane av gaupe og jerv er estimert på grunnlag av talet registrerte familiegrupper/vaksne reproduserande hodyr, og kunnskap om samansettinga av bestandane. Det er utrekna at det var minimum 500-600 gauper i landet vinteren 1996. Førebelse utrekningar som i hovudsak er basert på registreringar frå vinteren 1995 syner at den skandinaviske jervebestanden er på minimum 330 jervar, av dette minimum om lag 130-190 i Noreg. Av desse igjen er bestanden i det sørnorske jerveområdet vurdert til 25-34 individ.

3. Forskarane meiner at bjørnane i Noreg høyrer til to ulike bestandar, éin norsk/finsk/russisk som omfattar bjørn i Finnmark og éin skandinavisk som omfattar bjørn elles i landet. Ei bestandsutrekning i 1996 viser at den samla bestand i Noreg og Sverige er mellom 800 og 1300 bjørnar, og forskarane trur at det rette talet er noko nærare det låge overslaget enn det høge. Det er gjennomsnittleg 26-55 av desse bjørnane som finst i Noreg, og det er berre i Pasvik det er dokumentert yngling av bjørn på norsk område. Dei kraftig nedjusterte bestandsestimata for bjørn i Noreg skuldast store metodiske feil ved tidlegare bestandsoverslag frå 1980-åra, jfr St.meld.nr.27(1991-92), og er ikkje uttrykk for ein attendegang i bestandane. Det er tvert om grunnlag for å hevde at det har vore ein viss auke i talet på bjørnar som nyttar område på Austlandet og i Midt-Noreg som følgje av auka innvandring frå Sverige.

4. Av den samla skandinaviske ulvebestanden på 30-40 individ, har 5-7 ulvar dei to siste vintrane til tider hatt tilhald på norsk side av grensa i Hedmark, Akershus og Østfold. Vinteren 1996/97 er det registrert tre ulveflokkar med kvelpar fødde i 1996 på svensk side. I tillegg er det registrert to ulvar i følgje i eitt område i Sverige og i to område på begge sider av riksgrensa sør i Hedmark, i Akershus og i Østfold (figur 5.4). Desse representerer høve til yngling våren 1997. Så langt har bestandsauken skjedd på svensk side, og det er førebels ikkje grunnlag for å oppjustere talet på ulvar som i periodar held seg i Noreg.

5. Full tryggleik for genetisk overlevingsevne i eit langt tidsperspektiv kan berre sikrast i svært store bestandar. Demografiske endringar har likevel i dei fleste tilfelle langt større innverknad enn genetiske faktorar på overlevingsevna til små bestandar. Ved vurderinga av dei norske delbestandane av store rovdyr meiner departementet difor at det er demografisk overlevingsevne som må leggast til grunn. Denne må vurderast ut frå det internasjonalt fastsette kriteriet om at det skal vere mindre enn 10 prosent sjanse for at bestanden vil dø ut i løpet av 100 år. Ved hjelp av data frå radiomerka bjørnar i det skandinaviske bjørneprosjektet er det rekna ut at det i dei svenske reproduksjonsområda vil vere naudsynt med minimum 6-8 vaksne bjørnebinner i kvar delbestand for å tilfredsstille dette kriteriet. Det finst førebels ikkje data til å kunne gjennomføre tilsvarande konkrete utrekningar for dei andre artane. På eit fagleg skjønsgrunnlag blir likevel bestanden av gaupe på landbasis og bestanden av jerv frå Nord-Trøndelag og nordover vurdert som levedyktige på det nivået som er i dag. Ulv er framleis den sterkast truga pattedyrarten både i Noreg og Skandinavia, og bestanden er førebels ikkje levedyktig.

2.4 MENNESKET OG ROVDYRA

1. Det har vore ein auke i sauetalet i landet dei siste åra. Fleire av dei mest rovviltutsette kommunane har hatt ein auke som er høgare enn landsgjennomsnittet, men einskilde slike kommunar har og minska sauetalet. I 1995/96 er det rekna ut at i underkant av 9 prosent av sauene i landet (om lag 7 prosent av sauebruka) beiter innanfor kjerneområda for bjørn og jerv. I kjerneområda for bjørn er delen av sau utrekna til i underkant av 3 prosent av all sau i landet og mindre enn 2 prosent av sauebruka. I Oppland, Nord-Trøndelag og Nordland beiter om lag 30 prosent av sauen innanfor kjerneområda. I Hedmark er delen utrekna til 20 prosent, medan tilsvarande i Møre og Romsdal er 11 prosent. Sør-Trøndelag, Troms og Finnmark har mindre enn 5 prosent av sauen innanfor kjerneområda. Kjerneområda femner i alt om lag 900 årsverk i sauehaldet delt på 1.670 buskapar, 70 kommunar og 8 fylke. Totalt er det tre kommunar innanfor kjerneområda der sauehaldet utgjer meir enn 4 prosent av den totale sysselsettinga i kommunen. Men busettingseffekten av sauehaldet, og dermed ringverknadene av sauehaldet på andre næringar, blir rekna å vere relativt stor.

2. I perioden frå slutten av 1960-åra og fram til 1989 var det sterk vekst både i reintal og talet på reindriftseiningar i Finnmark, noko som førte til overbeiting, rein i dårleg kondisjon og aukande tapstal. I reindrifta elles har ein i større grad lukkast i å balansere reintalet mot beiteressursane. Etter 1989 er både reintal og talet på driftseiningar i Finnmark gradvis blitt redusert gjennom bruk av reindriftslova og økonomiske verkemiddel over reindriftsavtala.

3. Den kunnskap ein i dag har om tilhøvet mellom store rovdyr og hjortevilt under skandinaviske tilhøve tyder på at hjorteviltbestandane under ein lengre periode med lite rovdyr, stor næringstilgang og målretta forvalting har vakse seg så store at predasjon frå rovdyr under påreknelege bestandstettleikar generelt vil ha liten innverknad. Det er først og fremst gaupa sin predasjon på rådyr som kan seiast å representere ein konkurranse av ein viss mon for jegerar og dei som har jaktrett. Den viktigaste utfordringa for å oppnå ei god fleirbestandsforvalting i kjerneområda for rovdyr vil vere å gjennomføre ei presis og kontrollert hjorteviltforvalting som sikrar høgproduktive bestandar av god kvalitet.

4. Blant dei store rovdyra er det berre bjørn som under gjevne uheldige omstende kan medføre fare for menneske. Ei undersøking viser likevel eintydig at den skandinaviske brunbjørnen ikkje er ein farleg bjørn, og at den nordeuropeiske brunbjørnen er mykje mindre aggressiv enn dei bjørnane som finst aust for Uralfjella og i Nord-Amerika. Dei siste 20 åra er det sju menneske som er skada av bjørn, alle i Sverige. Seks av desse var jegerar, og i fem av tilfella var bjørnen blitt skoten på eller skadeskoten. Forutan skadeskotne bjørnar kan bjørn med årsungar, bjørn på kadaver, bjørn som blir overraska på nært hald, bjørn i hi og konfrontasjonar mellom bjørn og hund reknast som mogelege tryggleiksrisikoar for menneske.

5. Det er i åra etter at førre rovviltmelding vart lagt fram gjennomført fleire undersøkingar om befolkninga sine haldningar til store rovdyr og rovviltforvaltinga. Dei viktigaste resultata syner at det framleis er eit stort fleirtal av befolkninga som ønskjer å ta vare på bestandar av store rovdyr. I enkelte lokale område er det likevel relativt sterke konfliktar mellom rovviltforvalting og næringsutøvarar og lokalbefolkning.

2.5 FORVALTINGSFRAMLEGG

1. Regjeringa vil halde fast ved dei mål som er nedfelt i St.meld.nr.27(1991-92). Dette inneber at ein skal ta sikte på å sikre levedyktige bestandar av alle dei fire store rovviltartane i Noreg. Samstundes har regjeringa som mål å halde ved lag eit aktivt jordbruk med høve til å utnytte beiteressursane i utmarka med sau og rein. Dette medfører at forvaltinga av rovviltbestandane skal skje på ein slik måte at det kan drivast forsvarleg jordbruksdrift og reindriftsnæring innanfor akseptable økonomiske rammevilkår. Det inneber ei differensiert forvalting som tek omsyn til både viktige beiteområde og det at rovdyra skal overleve i landet i framtida. Ettersom rovviltbestandane også i stor grad er sams og nyttar leveområde på tvers av grensene mellom dei nordiske land, vil det bli lagt vekt på å vidareutvikle det nordiske samarbeidet om forvalting, forsking og bestandsovervaking både på sentralt og regionalt nivå.

2. Det blir gjort framlegg om følgjande forvaltingsmål for dei fire store rovviltartane:

  • Gaupe skal framleis forvaltast slik at samanhengande bestandar og reproduksjon blir halde ved lag over store areal, men bestandstettleiken må kunne regulerast i høve til skadepotensialet i dei ulike områda. Det bør ikkje etablerast reproduserande gaupebestandar i dei områda i landet der det i dag ikkje er etablert gaupe eller der den finst i låg bestand, og som har tettast bestandar av beitande bufe eller rein.
  • Jerv skal forvaltast slik at det blir sikra framhalden samanhengande utbreiing på Nordkalotten, og ein tettleik og reproduksjon minst på det nivået som er i dag innanfor eksisterande kjerneområde. Innanfor det sørnorske kjerneområdet vil jerven framleis vere underlagt eit strengt vern, men departementet vil opne for bestandsregulering dersom bestanden aukar ut over 8-10 registrerte ynglingar årleg. Det er ikkje noko mål å etablere reproduserande jervebestandar andre stadar i den sørnorske fjellkjeda, der skadepotensialet i høve til sau er svært stort. Jerv må likevel også kunne finnast i områda austover mot den samanhengande utbreiinga av jerv på Nordkalotten.
  • For bjørn legg departementet til grunn at ettersom bestandane av bjørn i dei tre sørlegaste norske kjerneområda utgjer mindre delar av ein større skandinavisk bestand som er i vekst, treng ein ikkje å legge til grunn så store tryggleiksmarginar for overlevingsevne som ville vore tilfelle om dei norske delbestandane hadde vore isolerte. Vi kan difor ha eit mindre tal vaksne binner enn dei 8-10 som ville vore naudsynt ut frå ei slik betraktning. Ei vurdering av tilgjengelege leveområde opp mot dei arealkrav binnene har og næringsgrunnlaget for bjørn innanfor dei enkelte kjerneområde, tilseier vidare at det neppe er plass til eigne norske levedyktige bjørnebestandar innanfor dei avsette kjerneområda i Troms, Anarjohka og Pasvik. Departementet meiner at det må leggast til rette for etablering av ynglande binner slik at levedyktige bestandar på sikt kan sikrast i dei to kjerneområda i Nord-Trøndelag/Nordland og Hedmark. I dei tre andre kjerneområda vil talet på binner kunne utvikle seg naturleg i høve til kva områda kan bere. Etableringane må også vurderast i høve til utviklinga i skadeomfang innanfor husdyrnæringa.
  • For ulv er det eit mål å etablere reproduksjon i Noreg. Det blir her vist til norske og svenske styresmakter sitt sams arbeidsmål om å få etablert minst 8-10 familiegrupper i Sør-Skandinavia i første omgang. Inntil dette målet er nådd, må ulven underleggast eit svært strengt vern.

3. Det er naudsynt å ta i bruk meir effektive tiltak og meir presise verkemiddel for å kunne oppfylle den todelte hovudmålsettinga om både å sikre levedyktige rovviltbestandar og å halde ved lag eit aktivt jordbruk med høve til å gjere nytte av beiteressursane i utmarka. I praksis inneber dette at ein for fleire av rovviltartane må vidareutvikle den arealbundne interesseavveging mellom rovdyr og bufe/rein på utmarksbeite, og at heile verkemiddelbruken innanfor både miljøforvaltinga og landbruksforvaltinga må sjåast i samanheng. Det er i punkt 8-10 nedanfor gjort greie for korleis ein slik praksis kan etablerast når det gjeld felling av rovdyr. Innanfor kjerneområda for bjørn og jerv vil det vere naudsynt å sette i verk langt meir effektive førebyggande tiltak enn til no, under dette driftsomleggingar for dei utsette buskapane med sikte på å redusere kontaktflatene mellom rovdyr og bufe/rein. Regjeringa tek sikte på å stille tilstrekkelege verkemiddel til rådvelde for å oppnå dette. Slik bruk av tiltak og verkemiddel vil venteleg også vere naudsynt i område der ein lukkast i å få reetablert ulv, medan tap valda av gaupe primært må søkast avgrensa gjennom ei differensiert avskyting.

4. I ein samla strategi for å redusere tapa av sau i kjerneområda for bjørn og jerv bør det i første omgang prioriterast tiltak som i større grad skil rovdyr og beitedyr i heile eller delar av beitesesongen:

  • Flytting av sau til særskilt tilrettelagde alternative beiteareal når dette blir vurdert som naudsynt for å hindre at ein alvorleg skadesituasjon utviklar seg
  • Varig flytting til andre beite utanfor kjerneområdet for særleg utsette buskapar
  • Førebudd tidlegare innsanking av ein større del av dei attverande buskapane

Det bør vidare gjennom bruken av verkemiddel leggast til rette for avgrensing og frivillig reduksjon av talet sau på beite i kjerneområda, og for driftsomlegging til ammeku eller mjølkeproduksjon, nisjeproduksjonar, andre sauerasar, anna småfehald eller anna næringsverksemd for særleg utsette buskapar. Det må også leggast til rette for å prøve ut intensiv gjeting av sau med innsamling til nattkve, bruk av vaktarhundar og styrt områdebruk med bruk av gjerde i større skala innanfor kjerneområda. For alle desse tiltaka må det gjerast ei løpande avveging mellom kostnader og nytteverknaden.

5. Førebyggande tiltak mot rovviltskadar på rein er til no utprøvt berre i svært liten grad, og ein har ikkje funne fram til operative tiltak som kan ventast å gi nokon stor effekt. Det er likevel ein klår samanheng mellom kondisjonen til reinen og dei årlege tapa, under dette rovvilttapet. Det er difor viktig å syte for å ha ein reinbestand i balanse med beitet, slik at simlene si vekt ligg på eit tilstrekkeleg høgt nivå. Elles må det også i høve til reindrifta satsast på kombinasjonar av ulike tiltak som blir sett saman ut frå ei lokal vurdering av tilhøva i beiteområdet, kva rovviltart som valdar det meste av tapa og kva praktiske, juridiske og økonomiske høve som ligg føre. Førebels flytting av flokken til mindre rovdyrutsette beiteområde, meir intensiv gjeting i periodar med store rovvilttap, førebels inngjerding med utvida kantgjeting, utprøving av halsklavar og omlegging av drifta hos enkelte kronisk utsette driftseiningar er aktuelle tiltak.

6. Arbeidet med dokumentasjon av rovviltskadar på husdyr ved hjelp av lokale rovviltkontaktar bør halde fram. Departementet reknar med at ein i dei fleste område med etablerte rovviltbestandar kan redusere dokumentasjonsarbeidet på sikt, og utføre dokumentasjon av skadar gjennom stikkprøver. Den omfattande skadedokumentasjonen som går føre seg i dag, bør då kunne erstattast av bestandsregistreringar samanhaldne med betre kunnskap om skilnader i skademønsteret for ulike kjønns- og aldersgrupper hos dei ulike rovviltartane. For rein tek departementet sikte på å utvikle ei ordning der dei aktuelle næringsutøvarane sjølve kan ta hovudansvaret for skadedokumentasjon gjennom at det blir etablert rovviltansvarlege i distrikta innanfor næringa.

7. Erstatningsordningane må leggast opp slik at dyreeigarar ikkje blir påført urimelege økonomiske tap. Røynsle med dei gjeldande erstatningsordningane viser at det er behov for enkelte justeringar. Det er svært viktig at erstatningsordningane blir sett i samanheng med andre verkemiddelordningar som tek sikte på å redusere tapa. Dette inneber m a at dersom næringsutøvaren ikkje i tilstrekkeleg grad set i verk framsette tilbod om førebyggande tiltak, eller sjølv gjer seg nytte av gjeldande støtteordningar, bør erstatning for skadetilfelle som kunne vore avverga heilt eller delvis falle bort. For husdyr gjer departementet framlegg om at det etter drøfting med næringsorganisasjonane blir fastsett standard normaltap for heile landet. Dette standardtapet vil automatisk kome til fråtrekk i den delen av tapet til den enkelte brukar som ikkje er dokumentert som rovviltskade. Kor stor del av det ikkje-dokumenterte tapet som skal erstattast må framleis avgjerast ved skjøn på bakgrunn av skadedokumentasjon og kunnskap om kva som finst av rovvilt i beiteområdet. Dersom ein brukar ikkje har gjennomført landbruksfagleg tilrådde tiltak som ein veit reduserer dei naturlege tapa, t d tilslutting til organisert beitebruk og husdyrkontrollen, bør det gi grunnlag for eit nærare fastsett høgare normaltap. Departementet meiner at ordninga med ulempeskompensasjon bør halde fram i si noverande form og framleis fastsettast ved skjøn etter nærare fastsette retningslinjer.

Departementet går inn for at erstatningssatsane blir fastlagt med utgangspunkt i dei prisane som blir oppnådd gjennom dei årlege jordbruks- og reindriftsforhandlingane, og at Stortinget gjennom den årlege budsjetthandsaminga vedtek satsane for det følgjande året. På grunnlag av desse satsane og ein prognose for rovvilttapet, kan den årlege løyving til erstatningar fastsettast. Departementet har vurdert ei slik løysing som meir føremålstenleg og fleksibel enn ei lovregulering av erstatningsordningane.

8. Unntak frå verneføresegnene for artar som er omfatta av Bernkonvensjonen kan berre gjerast under føresetnad av at det ikkje finst noko anna tilfredsstillande løysing og at unntaket ikkje vil vere til skade for overlevinga til vedkomande bestand. Når dette omsynet er ivareteke, vil felling av rovdyr vere eit aktuelt og naudsynt verkemiddel for å avgrense skadar og ulemper for næringsverksemd. Dette tilseier at verkemidlet må brukast på ein forsvarleg og differensiert måte i høve til bestandssituasjon og utvikling for rovdyrartane i dei ulike delane av landet, og under omsyn til dei naudsynte avvegingar i høve til konfliktar med anna verksemd. I dei næraste åra vil det vere naudsynt å nytte heile spektret frå ordinær, kvoteregulert jakt til ein svært restriktiv fellingspraksis i høve til skadegjerande enkeltindivid. Departementet går inn for at definisjonen av lisensjakt blir endra slik at denne jaktforma også kan knyttast til grunneigarretten. Det kan opnast for at eit i prinsippet uavgrensa tal jegerar som fyller visse kvalifikasjonskrav kan delta slik reglane er for kvotejakt på gaupe i Noreg og for lisensjakt på bjørn i Sverige. Føresetnaden er at det ikkje blir utvikla kommersiell utnytting av eit slikt skadeavgrensande forvaltingstiltak i høve til freda viltartar.

9. Departementet vil halde ved lag ordningane med at fylkesmannen har mynde til å gi skadefellingsløyve på gaupe. Direktoratet for naturforvaltning kan gi skadefellingsløyve på vilkår for dei andre artane til fylkesmannen. Departementet vil også legge til rette for at søknader om slikt fellingsløyve blir handsama på ein snøgg og mest mogeleg einskapleg måte i dei ulike fylka. Kriteria for å innvilge slikt skadefellingsløyve vil framleis vere avhengige av bestandssituasjonen for rovviltartane, og av om skaden har oppstått innanfor eller utanfor kjerneområda.

10. I tråd med føresetnaden om ei sterkare differensiert forvalting, legg departementet opp til at det dei næraste åra blir gjennomført følgjande fellingspraksis for dei ulike artane:

  • For gaupe bør det leggast auka vekt på høva til å avgrense tap av bufe og rein når fellingskvoten blir fastsett og fordelt geografisk. Det bør også utviklast eit nærare samarbeid om fastsettinga av kvoten på tvers av fylkesgrensene. I praksis inneber dette ei forvalting der ein legg vekt på å sikre ein stabil og berekraftig bestand innanfor nærare avgrensa regionar. Det kan takast ut meir enn det som kan definerast som eit årleg overskot som kan haustast i område der skadepotensialet er stort. For nærare fastsette fylke eller område som har eit høgt skadepotensial, og der gaupe i dag ikkje er etablert i faste bestandar eller har liten bestandsstorleik, gjer departementet framlegg om at gaupejakt skal kunne utøvast utan kvoteavgrensingar innanfor ordinær jakttid.
  • For jerv går departementet inn for at ordninga med lisensjakt på jerv som er innført i Nordland og Troms blir endra slik at den blir gjennomført etter same modell som kvotejakt på gaupe. Vedtak om årleg fellingskvote bør likevel framleis fattast av Direktoratet for naturforvaltning etter framlegg frå fylkesmennene. Departementet vil også opne for slik lisensjakt på jerv utanfor kjerneområdet i Sør-Noreg for å avgrense dei skadar ein ekspanderande jervebestand kan føre til i dei svært sauetette områda i den sørnorske fjellkjeda og på Vestlandet. Innanfor det sørnorske kjerneområdet vil jerven framleis vere underlagt eit strengt vern, men departementet vil opne for bestandsregulering dersom bestanden aukar ut over gjennomsnittleg 8-10 registrerte ynglingar årleg. Slik bestandsregulering bør skje ved at bestemte kvalifiserte personar om vinteren gjennomfører uttak av mest mogeleg identifiserte individ innanfor nærare bestemte område, der det blir teke omsyn til skadebiletet den førre beitesesongen. Årleg kvote blir fastsett av Direktoratet for naturforvaltning etter framlegg frå fylkesmennene. Skadefellingsløyve bør framleis vere eit verkemiddel som berre blir nytta for å forsøke å stanse ein akutt skadesituasjon i beitesesongen, noko som inneber at dette verkemidlet utanfor reinområda berre er aktuelt å nytte i perioden mellom saueslepp og sanking. Det bør generelt vere ein relativt låg terskel for å utløyse fellingsløyve utanfor kjerneområda.
  • For bjørn går departementet inn for at det bør førast ein liberal praksis med bruk av skadefellingsløyve i beitesesongen for sau utanfor kjerneområda. Slik skadefelling utanfor kjerneområda bør gjennomførast ved at det blir oppnemnt og organisert lokale jaktlag med kvalifiserte jaktleiarar i dei aktuelle kommunane. Fylkesmannen får på vilkår mynde til snøgt å kunne gi desse jaktlaga løyve til å felle bjørn på eit lågt skadenivå. Potensialet for omfattande bjørneskadar på sau utanfor kjerneområda er likevel svært stort med den bestandsutvikling ein kan føresjå. Røynslene med effektiviteten av skadefellingsløyve i beitesesongen tilseier at ein neppe vil kunne avgrense skadeomfanget tilstrekkeleg på sikt ved bruk av dette tiltaket åleine. Departementet vil difor vurdere å opne for lisensjakt på bjørn i ein tilgrensande region utanfor kjerneområdet så snart det er dokumentert etablering av ynglande binner innanfor eit kjerneområde. Innanfor kjerneområda må det gjennomførast eit strengt vern både av binner av alle aldersgrupper og av vaksne, etablerte hannbjørnar.
  • For ulv legg departementet til grunn at den skandinaviske ulvebestanden framleis er sterkt truga, og eitkvart tap av individ ut over den naturlege avgang vil kunne innebere ein risiko for overlevinga til bestanden i framtida. Inntil vidare må difor kvart in divid av ulv ha eit strengt vern, og det er lite aktuelt å gi skadefellingsløyve utan i heilt spesielle situasjonar. Etter at ein har nådd det sams norsk-svenske arbeidsmålet om 8-10 familiegrupper, av dei nokre i Noreg, bør ulven kunne forvaltast meir på linje med bjørn og jerv. Dette inneber bruk av skadefellingsløyve og eventuelt også lisensjakt i nærare bestemte område.

11. Departementet vil styrke arbeidet med bestandsregistrering, og tek sikte på å etablere ein koordinert og omforeina innsats på tvers av både fylkes- og landegrenser. Generelt vil metodane i stor grad bygge på dokumentasjon av reproduksjon og talet på reproduserande hodyr i bestanden. Slike data kan deretter brukast til å rekne ut minimumstal for bestanden når samansettinga av bestanden er kjent. Det vil bli lagt auka vekt på å trekke aktuelle næringsutøvarar og lokale kontaktpersonar med i datainnsamlinga.

12. Departementet vil halde fast ved forvaltingsmodellen med kjerneområde og dei kjerneområda for bjørn og jerv som er oppretta. Røynslene viser likevel at det er behov for å utvikle modellen vidare med differensierte retningslinjer for det enkelte kjerneområde. Slike retningslinjer må omfatte tiltak og verkemiddel retta mot både rovvilt, husdyr og tamrein, og bør fastsettast av miljøvern- og landbruksstyresmaktene med utgangspunkt i framlegg til forvaltingsplanar. Fastsetting og eventuelle endringar av grenser for kjerneområda skal framleis vere ei administrativ vurdering basert på tettleik av rovvilt, bestandane si overlevingsevne og behov for særlege verneverkemiddel. Det kan vere aktuelt å vurdere mindre justeringar av grensene for kjerneområda for jerv med bakgrunn i dei røynslene som er hausta. Departementet finn ikkje grunn til å etablere kjerneområde for gaupe på noverande bestandsnivå. På sikt vil det vere ein aktuell og kanskje naudsynt forvaltingsstrategi å opprette eitt eller fleire kjerneområde også for ulv for å kunne differensiere bruken av verkemiddel både med omsyn til felling og bruk av førebyggande tiltak mot skadar. Lokaliseringa av slike kjerneområde kan først vurderast når ein har fått etablert reproduserande familiegrupper på norsk side av grensa.

13. Ettersom bjørn, jerv, ulv og gaupe er utbreidd i både Noreg, Sverige og Finland og bestanden for ein stor del er sams på tvers av landegrensene, er det naturleg at desse landa har eit nært samarbeid om forvaltinga av rovviltartane. Det er likevel eit grunnleggande prinsipp at dei enkelte partane er ansvarleg for å innfri sine eigne plikter i høve til dei internasjonale konvensjonane, og at det enkelte land difor må fatte sine eigne avgjerder for å sikre at artane overlever innanfor landet sine grenser. Dette er likevel ikkje til hinder for at styresmaktene i dei nordiske land kan arbeide for mest mogeleg sams målsettingar for forvaltinga av dei store rovdyra, som grunnlag for dei nasjonale forvaltingsstrategiar og vedtak. Departementet vil difor føre vidare dei samarbeidstiltak som er etablert i perioden etter 1992, og samstundes stimulere til auka samarbeid regionalt.

14. Det er eit stort behov for å føre vidare ei langsiktig forsking på dei store rovdyra sin biologi og økologi under skandinaviske tilhøve, og på forvaltingstiltak innanfor både miljøsektoren og landbrukssektoren. På grunn av omfanget til og kompleksiteten i rovviltkonflikten er det også behov for forsking med ei samfunnsfagleg tilnærming. Det bør vidare leggast til rette for tverrfagleg forsking og samarbeid mellom ulike forskingsmiljø. Det blir teke sikte på å følgje opp dette både gjennom forskingsprogram under Noregs Forskingsråd, gjennom ein godt koordinert forskingsinnsats mellom dei nordiske land og gjennom oppdragsforsking på meir avgrensa problemstillingar. Miljøvern- og landbruksstyresmaktene vil samarbeide om slik forsking.

15. Departementet meiner det vil vere føremålstenleg å formalisere og samordne kontakten mellom organisasjonar og aktuelle partar gjennom å opprette eit sentralt rovviltutval. Utvalet bør ha ein rådgjevande funksjon i høve til miljøvern- og landbruksstyresmaktene, og leiast av Direktoratet for naturforvaltning. På regionalt nivå blir det lagt opp til at fylkesmannen gjennomfører årlege drøftingsmøte med den politiske leiinga i dei mest involverte kommunane og i fylkeskommunen. Departementet vil også utvikle dei rådgjevande rovviltutvala i alle fylke som i særleg grad er involvert i rovviltproblematikken til eit eigna forum for gjensidig informasjon, prioritering av tiltak og konfliktløysing. Det er vidare viktig at alle ledd i forvaltinga syter for å ha ein open kommunikasjon og dialog med dei som er mest påverka av rovviltforvaltinga.

16. Det er å vente at talet på møte mellom bjørn og menneske vil auke med ein aukande bjørnebestand. Departementet legg difor opp til å vidareføre spesielle informasjonstiltak om bjørnen si åtferd og kva rådgjerder som det kan vere fornuftig å ta når ein er i bjørneområde. I enkelte område vil det kunne vere behov for spesielle tiltak for å unngå at bjørnar mister si naturlege frykt for menneske, m a ei ekstra god avfallshandtering og behov for ferdselsavgrensing i bestemte situasjonar. Departementet meiner det kan være føremålstenleg å bruke viltlova §7 for å heimle naudsynte reguleringar til dette føremålet. Departementet går også inn for at Direktoratet for naturforvaltning i samråd med aktuelle fylkesmenn får høve til å fatte vedtak om avliving av bjørnar som på grunn av gjentekne tilfelle av spesiell åtferd representerer ein tryggleiksrisiko.

17. Departementet legg ikkje opp til formelle endringar i ansvars- og avgjerdstilhøva forvaltingsorgana imellom.

18. Dersom ein lukkast i å gjennomføre dei tiltak som det blir lagt opp til i denne meldinga, med m a ei sterkare differensiert forvalting av rovdyra, ei langt sterkare satsing på effektive førebyggande tiltak, under dette driftsomleggingar innanfor kjerneområda, og ei betre samordning av verkemiddelbruken frå landbruks- og miljøvernstyresmaktene, meiner departementet at tap og erstatningar etter kvart vil bli redusert. Det må likevel påreknast at ein i dei aller næraste åra framleis kan få ein viss auke av tapa inntil tiltaka får den tilsikta effekt.

19. Føresetnaden for å oppnå den tilsikta tapsreduksjonen er at det blir gjennomført ei auka satsing på førebyggande tiltak. Regjeringa legg opp til at finansiering av tiltaka i hovudsak skal skje gjennom dei særskilt avsette midlane til førebyggande tiltak over jordbruksavtala og over budsjettet til Miljøverndepartementet, og ved bruk av ordninga med bygdeutviklingsmidlar frå Landbrukets Utviklingsfond (BU-midlar). Løyvingane til førebyggande tiltak bør delast mellom budsjettet til Miljøverndepartementet og jordbruksavtala, slik at det samla blir avsett like store løyvingar over kvar av desse budsjettpostane. Regjeringa føreset vidare at styra for bygdeutviklingsmidlar (BU-styra) i dei aktuelle rovdyrfylka i ein periode gjennomfører ei særskilt prioritering av investeringskostnader knytt til driftsomleggingar og førebyggande tiltak i kjerneområda. Avgrensinga i bruk av BU-midlar til nyetablering eller utviding av sauehald basert på beite innanfor kjerneområda vil bli oppretthalden, men det kan vurderast unntak for einskilde område og buskapar.

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen
Til toppen