Teknisk jordbruksavtale 2012-2013

Avtaler og protokoller

Avtalepartane blei ikkje samde om ny jordbruksavtale ved jordbruksoppgjeret 2012. På forhandlingsmøtet 12.05.12 blei partane einige om å utarbeide ein teknisk jordbruksavtale på grunnlag av handsaminga av oppgjeret i Stortinget. 

Den tekniske jordbruksavtalen gjev detaljinformasjon om kva grunnlag som gjev rett på tilskot, satsar og frist for å søkje. Føresegner knytt til målprisane på mjølk, kjøt, egg, korn og i grøntsektoren står her. Dokumentet  regulerer grunnlaget for utmåling av storleiken på tilskota til kvart føretak, og inneheld òg føresegner om marknadsreguleringa av dei viktigaste jordbruksvarene. 

Dokumentet inneheld ikkje føresegner som er tatt inn i forskriftene for ordningane. I forskriftene for tilskotsordningane er vilkåra som må vere oppfylte for at ein produsent skal ha rett på tilskot.