Historisk arkiv

Fisket etter kolmule i 2019

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Nærings- og fiskeridepartementet

I kyststatsforhandlingane om kolmule blei det det 6. november inngått ein avtale om ein totalkvote (TAC) på 1 143 629 tonn, noko som er i tråd med tilrådinga frå Det internasjonale råd for havforsking ICES. Noreg har sett seg ein kvote etter tradisjonell del på 276 257 tonn. Av dette blir det sett av 1 030 tonn til forskings- og undervisningsføremål.

Totalkvoten inkluderer ei avsetning til NEAFC (Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen) i internasjonalt farvatn på 91 020 tonn.

Noreg og EU inngikk den 11. desember ein bilateral soneadgangsavtale. Den inneber at norske fiskarar får høve til å fiske 187 855 tonn i delar av EU sitt farvatn. I tillegg har Noreg bytt til seg 99 900 tonn kolmule som kan fiskast i EU-sona. Av totalkvoten kan inntil 30 000 fiskast i Færøyane si fiskerisone.

Kvotebyttet med Russland varierer proposjonalt med den norske kolmulekvoten. For 2019 skal det etter avtalen byttast 19 906 tonn kolmule til Russland.

Noreg får etter dette ein totalkvote på 356 251 tonn kolmule.

Forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2019