Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Nye budsjettall for 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Finansdepartementet

Finansdepartementet har i dag lagt fram proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet for 2010. I proposisjonen vert det gjort greie for dei endringar i statsbudsjettet som er vedtekne og foreslegne gjennom året, og for endringer i berekningane for skattar og avgifter.

Finansdepartementet har i dag lagt fram proposisjonen om ny saldering av statsbudsjettet for 2010. I proposisjonen vert det gjort greie for dei endringar i statsbudsjettet som er vedtekne og foreslegne gjennom året, og for endringer i berekningane for skattar og avgifter. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2010 er no berekna til 119,6 milliardar kroner. Dette er ein reduksjon på 5,2 milliardar kroner samanlikna med berekninga i Nasjonalbudsjettet 2011. Samstundes er det oljekorrigerte underskotet redusert med drygt 12 milliardar kroner, til 109,4 milliardar kroner.

I fjor haust vedtok Stortinget eit budsjett for 2010 som la opp til ein bruk av oljeinntekter, målt ved det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet, på 148,5 milliardar kroner. Målt ved endringa i det strukturelle underskotet som del av verdiskapinga i fastlandsøkonomien, innebar det foreslegne budsjettet ein ekspansiv etterspurnadsimpuls berekna til 0,6 prosentpoeng. Avstanden til 4-prosentbana vart berekna til knapt 45 milliardar kroner.

Endringar i samband med med Revidert nasjonalbudsjett 2010 minska berekninga for det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet med 17 milliardar kroner, til 131,5 milliardar kroner. Berekninga for strukturelle skattar vart justert opp med 10 milliardar kroner, i hovudsak som følgje av at innbetalte skattar og avgifter vart høgare enn venta i 2009 og inn i 2010. Berekninga av inntekter utanom skattar og avgifter vart oppjustert med 4 milliardar kroner, i hovudsak knytt til aukte utbytteinntekter. I tillegg vart utgiftene sett ned med 3 milliardar kroner.

I Nasjonalbudsjettet 2011 vart berekninga for det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2010 sett ytterligare ned, med 6,7 milliardar kroner, til 124,8 milliardar kroner. Aukte strukturelle skattar for om lag 3 milliardar kroner av dette, særleg knytt til høge innbetalingar av tilleggsforskot frå føretak i mai. I tillegg vart utgiftene sett ned med 3,7 milliardar kroner, i stor grad som følgje av lågare utgifter under folketrygda.

Endringar i samband med nysaldert budsjett inneber ein ytterligare nedgong i berekninga for det strukturelle, oljekorrigerte underskotet på 5,2 milliardar kroner. Berekninga for strukturelle skattar har vorte auka med 5,4 milliardar kroner. Denne oppjusteringa må sjåast i lys av skatteoppgjeret for inntektsåret 2009, som vart lagt fram av skattestyresmaktene den 20. oktober. Likninga for etterskotspliktige skattytarar syner at skattane for 2009 frå føretak og andre etterskotspliktige skatteytarar, som bokførast i budsjettet for 2010, har heldt seg på et høgare nivå enn det som vert lagt til grunn i Nasjonalbudsjettet 2011. I talgrunnlaget til Nasjonalbudsjettet 2011 vart det lagt til grunn ein nedgong i føretaksskattane frå 2008 til 2009, medan tala frå likninga syner ein oppgong, trass finanskrisa. Om lag 2 mrd. kroner av oppjusteringa i berekninga for strukturelle skattar kan knytast til at den førebelse ordninga, der næringslivet kunne få skattefrådrag for underskot, er brukt i mindre grad enn det som vart lagt til grunn i budsjettet for 2010.

Utanom auka strukturelle skatteinntekter, bidreg endringar i statsbudsjettet sine utgiftar og øvrige inntekter til å auke det strukturelle, oljekorrigerte underskotet med 0,2 milliardar kroner. Det vert foreslått at berekninga for staten sine utbytteinntekter i 2010 vert sett ned med 4,2 milliardar kroner samanlikna med berekninga i Nasjonalbudsjettet 2011. Dette gjeld attendeføring av utbetalt utbytte frå Statkraft i 2010. Medrekna framlegget om ein kapitaltilførsel på 9,8 milliardar kroner, inneber det at eigenkapitalen i selskapet kan aukast med 14 milliardar kroner. Øvrige endringar bidreg til å minske det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2010 med 4,0 milliardar kroner jamført med berekninga i Nasjonalbudsjettet 2011. Framlegget om å auke rammetilskotet til kommunane med 1 mrd. kroner i 2010 for å utvikle ei mer verdig eldreomsorg, er da medrekna.

Etter dette kan det strukturelle, oljekorrigerte underskotet i 2010 bereknast til 119,6 milliardar kroner. Den berekna bruken av oljeinntekter i 2010 ligg om lag 14 milliardar kroner over forventa realavkasting av kapitalen i Statens pensjonsfond utland ved inngangen til året. Målt som andel av verdiskapinga i fastlandsøkonomien, bereknast det strukturelle, oljekorrigerte underskotet å auke med 0,4 prosentpoeng frå 2009 til 2010.

Sidan Stortinget vedtok budsjettet i fjor haust, er berekninga for det oljekorrigerte underskotet på statsbudsjettet redusert med 44,4 milliardar kroner. Denne minskinga kjem i stor grad av at berekninga for inntektene er sett opp med knapt 32 mrd. kroner, i hovudsak som følgje av høgare skatte- og avgiftsinntekter frå fastlandsøkonomien, medan talet for utgifter er sett ned med 12,5 milliardar kroner. Det oljekorrigerte underskotet vert no berekna til 109,4 milliardar kroner. Dette underskotet dekkjast av ei motsvarande overføring frå Statens pensjonsfond utland.

Berekninga for statens netto kontantstrøm frå petroleumsverksemda i 2010 er oppjustert med 51,4 milliardar kroner, frå 220,4 milliardar kroner i saldert budsjett til 271,7 milliardar kroner. Oppjusteringa av kontantstraumen kjem i hovudsak av at det no vert berekna høgare petroleumsprisar i 2010 enn det som vart lagt til grunn i saldert budsjett.

Den reelle, underliggjande utgiftsveksten på statsbudsjettet for 2010, vert no berekna til 1½ prosent målt i forhold til rekneskap for 2009. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten er 4,8 prosent. I Nasjonalbudsjettet 2010, som vart fremja hausten 2009, vart den reelle, underliggjande utgiftsveksten berekna til 1¾ prosent.

I proposisjonen med framlegg om ny saldering av statsbudsjettet for 2010, fremjast det og framlegg om lovendringar knytta til avviklinga av Statens petroleumsforsikringsfond, som vart varsla i Nasjonalbudsjettet 2011.

Mer utfyllende informasjon er tilgjengelig i Prop. 47 LS (2010-2011).

Til toppen