Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Nye byggjereglar frå 1. juli 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kommunal- og regionaldepartementet

Frå 1. juli gjeld ny plan- og bygningslov og nye byggjeforskrifter. Det blir mellom anna nye krav til radonsperre, energiforsyning og tilgjenge for alle. Nytt er også at ein kan få inntil 400.000 kroner i gebyr for å bryte byggjereglane.

Frå 1. juli gjeld ny plan- og bygningslov og nye byggjeforskrifter. Det blir mellom anna nye krav til radonsperre, energiforsyning og tilgjenge for alle. Nytt er også at ein kan få inntil 400.000 kroner i gebyr for å bryte byggjereglane.

- Byggjefeil kostar samfunnet og innbyggjarane fleire milliardar kroner kvart år. Dei nye reglane skjerpar krava til kvalitet på både bygg og byggjeprosessen. Nye bygg skal til dømes ha meir klima- og miljøvenlege løysingar og vere tilpassa folk i alle aldrar og livssituasjonar seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete.

Viktige endringar frå 1. juli:

Gebyr for regelbrot

Kommunane får eit nytt sanksjonsmiddel overfor dei som ikkje følgjer lover og reglar, og kan påleggje gebyr på inntil 400.000 kroner. Samstundes vert straffane auka, slik at dei verste lovbrota kan gje fengsel i to år eller høge bøter. Bygging for nær nabogrense, dårleg sikring ved grunnarbeidet, bygging utan å søkje og bruk av loft som bustad utan løyve er døme på kva som kan gje gebyr.

Obligatorisk med radonsperre

Det blir obligatorisk med radonsperre i nye bygningar der menneske oppheld seg. Det vil mellom anna gjelde nye skular, barnehagar, kontorbygg og bustader. Radon er vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking. Kvart år medverkar radon til at om lag 300 døyr av lungekreft i Noreg. For ein einebustad på 100 m² kostar ei radonsperre om lag 17 000 kroner.

Krav om ferdigattest gjev auka tryggleik for forbrukaren

Viss du byggjer, byggjer på eller kjøper ein heilt ny bustad, skal du ha ferdigattest som syner at bygget er sett opp i tråd med byggjeløyvet og byggjereglane. Med den nye plan- og bygningslova, kan kommunen påleggje at  feil og manglar rettast i 5 år etter at ferdigattest er gjeve. Slik vil føretaka kunne haldast ansvarlege for byggjefeil i opp til 5 år.

Strengare krav til energiforsyning

Det blir forbod mot å installere oljekjel i alle nye bygg. Samstundes blir det krav om at minimum 60 prosent av oppvarmingsbehovet i bygg som er større enn 500 m2 må dekkjast med anna enn elektrisitet, olje og gass (fossile brensel). Dei nye krava opnar for visse unnatak. Det gjeld mellom anna der naturforhold gjer det praktisk umuleg å oppfylle krava, eller i bustader med særleg lågt varmebehov.

Nye heiskrav

Det blir obligatorisk å montere heis i alle nye arbeids- og publikumsbygg som har to eller fleire etasjar og i nye bustadblokker som har tre eller fleire etasjar. I bygg som er tre etasjar eller høgare, skal heisen ha plass til ei sjukebåre. Dei nye heiskrava gjeld ikkje for einebustader, rekkjehus og andre småhus.

Tilgjenge for rullestol på bad  

Dei nye byggjereglane krev at alle nye bustader skal ha minst eitt bad med toalett som er tilgjengeleg for rullestol.  Då må badet ha ein storleik på minimum 4 m2.

Kommunal- og regionaldepartementet sin pressetelefon: 22 24 25 00.

Til toppen