Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kulturministeren lanserer ny leselyststrategi

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Kulturdepartementet

– Å opne ei bok er som å opne døra til ei ny verd. Lesing er underhaldning, det er ei kjelde til personleg utvikling og til rein glede. Å lese gir oss høve til å delta i den offentlege debatten. Det er ei demokratisk handling. Difor er lesing viktig, seier kulturminister Hadia Tajik.

Voksen leser bok for to små barn

(Foto: Scanstockphoto)

– Å opne ei bok er som å opne døra til ei ny verd. Lesing er underhaldning, det er ei kjelde til personleg utvikling og til rein glede. Å lese gir oss høve til å delta i den offentlege debatten. Det er ei demokratisk handling. Difor er lesing viktig, seier kulturminister Hadia Tajik.

Leselyststrategien 2013 (.pdf)

Utlysning av prosjektmidler for å fremme leselyst

 

Regjeringa legg i dag fram ein leselyststrategi der barn og unge er ei sentral målgruppe. Målet med leselyststrategien er å fremje lesing og leselyst, og å sikre tilgang til litteratur for barn og unge.

Leselyststrategien inneheld fleire døme på gode tiltak og prosjekt. Prosjekta er framheva for å inspirere både kommunar og andre aktørar til å setje i gang eigne prosjekt eller satse på eksisterande prosjekt i arbeidet med å auke leselysta.

Kulturdepartementet vil bruke 2,75 millionar kroner i 2013 på tiltak for å auke leselysta til barn og unge.

Av dette vil Kulturdepartementet lyse ut 1,2 millionar kroner til leselystprosjekt i 2013. Organisasjonar kan søkje om midlar til prosjekt som har som mål å fremje leselysta til barn og unge.

Leselystprosjektet Hat-trick får 850 000 kroner i 2013. Dette er eit breiddeprosjekt i regi av Foreningen !les, der litteratur og formidling skjer på fotballarenaer. Prosjektet framhevar gode lesande rollemodellar frå fotballmiljøet.

Prosjektet Bok til alle-bibliotek får 700 000 kroner i 2013. Dette er eit prosjekt der bibliotek forpliktar seg til å formidle litteratur til folk som har problem med lesing.  Dette er eit populært tiltak som bidrar til alle – uansett leseevne – får lese.

Desse midlane kjem i tillegg til dei 17 millionar kronene som Nasjonalbiblioteket allereie disponerer til prosjekt- og utviklingstiltak i biblioteksektoren.

Til toppen