Aktiver Javascript i din nettleser for en bedre opplevelse på regjeringen.no

Historisk arkiv

Kunngjering av støtte til organisasjonar for 2014 (kap. 1138 post 70)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning der målet er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Søknadsfrist er 1. juni 2013.

Landbruks- og matdepartementet forvaltar ei tilskotsordning der målet er å støtte organisasjonar som arbeider innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. Tilskotet skal medverke til å halde oppe aktiviteten i organisasjonane, og på denne måten medverke til eit levande og aktivt organisasjonsliv lokalt, regionalt og sentralt. 

Støtte kan bli gitt til organisasjonar på nasjonalt nivå innan landbruks- og matområdet som:

  • formidlar kunnskap, interesse og positive haldningar til landbruks- og matsektoren
  • fremmer forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmennheita generelt
  • bidrar til å synleggjere yrkesmoglegheiter knytt til gardsbruk og bygdenæringar
  • fremmer miljøarbeid, verdiskaping og næringsutvikling knytt til grøn tenesteproduksjon
  • fremmer likestilling i sitt arbeid 

Innanfor ordninga kan tilskot bli gitt enten som grunnstøtte eller gjennom inngåing av samarbeidsavtale mellom departementet og organisasjonen. Målgruppe for heile ordninga er sjølvstendige og demokratiske organisasjonar, inkludert stiftelsar. Alle organisasjonar som ønskjer  støtte over ordninga må søke, og søkjarane må oppfylle krav i regelverket. Grunnstøtte til organisasjonar blir fastsett kvart år ut frå innkomne søknadar, budsjettramme og tilgjengelege midlar. I vurdering av søknadane inngår kriteriar som m.a. organisasjonens formål, medlemstal, aktivitet på landsbasis og oppbygging, samt ei vurdering av søkjarane etter overordna målsetjingar. For organisasjonar som er viktige for gjennomføringa av landbruks- og matpolitikken, kan det bli inngått samarbeidsavtale. Dette kan vere organisasjonar som over tid har utøvd særs viktige oppgåver for måloppnåinga innanfor landbruks- og matpolitiske satsingsområde. LMD vil med bakgrunn i innkomne søknadar vurdere kven det er aktuelt å inngå samarbeidsavtale med. Samarbeidsavtalar kan bli inngått for inntil tre år, men løyving blir gitt for eitt år om gongen og med atterhald om Stortingets løyving i avtaleperioden. Sjå Landbruks- og matdepartementet sin Prop 1 S (2012-2013) for å lese om tidlegare tildelingar.

Gutt med hest
Tilskotet skal fremmemja forståing for grøne verdiar hos ungdom spesielt og allmennheita generelt (Foto: ©Kerstin Mertens/Samfoto)

Søknadsfristen for støtte frå statsbudsjettets kap. 1138 post 70 for 2014 er 1. juni 2013. Berre søknadar som er motteke innan fristen vil bli behandla. Søkjarane vil få ei stadfesting per e-post som bekreftar at søknaden er motteke innan fristen. Forslag til fordeling av midlar for 2014 vil gå fram av Landbruks- og matdepartementet sin budsjettproposisjon for 2013-2014. Endeleg fordeling av midlar blir gjort av Stortinget ved behandling av budsjettet. Svar på søknad blir meddelt søkjarane i januar-februar 2014. 

Følgjande skal leggast ved søknaden:

  • årsmelding / årsberetning for 2012
  • godkjent rekneskap for 2012
  • budsjett for 2014 som synleggjer inntekter og utgifter
  • kontingentinntekter og eventuelle tilskot/refusjonar/inntekter frå andre skal spesifiserast både i rekneskap og budsjett
  • opplysingar om talet på medlemmar og oversikt over ev. lokallag
  • beskriving av aktivitet i organisasjonen som er med på å bygge opp under målsettingane for ordninga
      
  • Sjå regelverk for ordninga

Søknad med vedlegg sendast per e-post til [email protected] innan 1. juni 2013

Eventuelle trykte vedlegg kan sendast per post til:
Landbruks- og matdepartementet
Postboks 8007 Dep.
0030 Oslo

Merk sendinga med ”Kap. 1138 post 70”. 


Denne kunngjeringa blei første gong publisert 23.4.2013.

Til toppen