Høyringsbrev

Høyringsnotat om eigedomsskatt på Finnmarkseiendommen


Som ein følgje av at kommunane frå 2007 kan velje å skrive ut eigedomsskatt i heile kommunen, foreslår Finansdepartementet å innføre eit obligatorisk fritak for uutbygde delar av Finnmarkseiendommen med heimel i eigedomsskattelova § 5. Det vert foreslått at lovendringa skal ha verknad frå og med skatteåret 2007.

Vedlagt følgjer høyringsnotat av i dag om dette. Høyringslista ligg ved. Finansdepartementet ber om at den enkelte høyringsinstans vurderer oversending av høyringsbrevet til aktuelle underinstansar, medlemsorganisasjonar m.v. og eventuelt andre interessentar.

Finansdepartementet ber om merknader til forslaget innan 7. august 2007.
Vi ber om at høyringsfråsegner så langt råd er vert sendt elektronisk til e-postadressa postmottak@fin.dep.no.


Med helsing


Bjørn Berre e.f.
avdelingsdirektør

                                                                        Turid Urke
                                                                        seniorrådgiver

Vedlegg