Rundskriv V-25N/2006

Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane — Orientering om kyrkjerekneskapane 2005.

Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane – Orientering om kyrkjerekneskapane 2005.

Dei kyrkjelege fellesråda
Sokneråd i kommunar med eitt sokn
Bispedømmeråda

Nr.

Vår ref

Dato

V-25N/2006

2006/07768 KIF obl

28.11.2006

Statsbudsjettet 2007 – tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane – Orientering om kyrkjerekneskapane 2005

I St.prp. nr. 1 (2006–2007) er det gjort framlegg om ei løyving på 70,2 mill. kroner under kap. 340, post 72 Tilskott til kyrkjeleg verksemd i kommunane. I dette rundskrivet vert det gjort greie for premissane for forslaget.

Som vedlegg til rundskrivet har departementet utarbeidd ein presentasjon av hovud­tala frå kyrkjerekneskapane for 2005, jf. rundskriv V-13B/2006 av 6. april 2006 som presenterte liknande oversikt med grunnlag i kyrkjerekneskapane for 2004.

1. Tilskottet til kyrkjeleg verksemd i kommunane, jf. kap. 340, post 72

Målsettinga for statstilskottet er omtalt slik i St.prp. nr. 1 (2006–2007):

Målsettingen med tilskuddet er å styrke det økonomiske grunnlaget for kirkens lokale virksomhet utover det som følger av kommunens utgiftsforpliktelser etter kirkeloven.

I budsjettkommentaren til post 72 heiter det elles:

Det generelle driftstilskuddet til de kirkelige fellesrådene er 49,5 mill. kroner i 2006. Tilskuddet foreslås videreført med 44,1 mill. kroner i 2007. Hoveddelen av fellesrådenes inntektsgrunnlag er de kommunale overføringene. Det vises i denne sammenheng til økningen i kommunenes frie inntekter i 2006 og kommuneopplegget for 2007, som innebærer en videre styrking av kommuneøkonomien. Kriteriene for tildelingen av driftstilskuddet til fellesrådene vil departementet drøfte med Kirkerådet og den kirkelige arbeidsgiver- og interesseorganisasjonen KA, bl.a. i lys av de særlige utfordringene som er knyttet til kirkeøkonomien og kirkeforvaltningen i de minste fellesrådene.

I forståelse med Kirkerådet og KA har det fra bevilgningen de senere år vært avsatt midler til sentrale tiltak som kan gi generelle utgiftsbesparelser, effektiviseringsgevinster eller lettelser for den lokale kirkeforvaltningen. Kirkebyggforvaltningen har vært særlig prioritert i denne sammenheng. Departe­mentet foreslår en videreføring av bevilgningene til de sentrale tiltakene i 2007 slik det framgår av tabellen nedenfor.

Fordeling av bevilgningen på tiltak: (i 1 000 kr)

2006

2007

Driftstilskudd til de kirkelige fellesrådene

49 520

44 100

Andel av premie til sentral forsikringsordning, kirkebygg

17 000

15 000

Brann- og innbruddsforebyggende tiltak, kirkebygg

3 000

2 000

Kirkebyggdatabasen

5 000

4 500

Energiøkonomiseringstiltak, kirkebygg

1 500

1 500

Tilskudd til Norsk institutt for kulturminneforskning, innen kirkebyggfeltet

1 000

1 000

Kopieringsavgift, etablering og utvikling av ny ordning

2 300

Ansvars- og ulykkesforsikring for de kirkelige fellesrådene

1 250

1 200

Lokalt medlemsregister

900

900

Sum

81 470

70 200

I budsjettproposisjonen er det ei nærare omtale av dei ulike tiltaka, som departementet viser til. Fordelinga av driftstilskottet til fellesråda i 2007 vil departe­mentet drøfte med Kyrkjerådet og KA, jf. ovanfor. Departementet reknar med å kunne orientere fellesråda om den endelege fordelinga av driftstilskottet sist i januar 2007, dvs. etter at Stortinget har gjort vedtak om statsbudsjettet for 2007 og saka har vore drøfta med Kyrkjerådet og KA.

2. Rekneskapane for dei kyrkjelege fellesråda 2005

I rundskriv V-13B/2006 presenterte departementet oversikter og tal frå dei kyrkjelege rekneskapane for 2004 (rekneskapane frå dei kyrkjelege fellesråda). De­parte­­mentet har i vedlegg til rundskrivet no presentert hovudtala frå kyrkjerekneskapane for 2005.

Driftsinntektene til fellesråda auka frå 2004 til 2005 med 4,7 pst., medan driftsutgiftene auka med 4,1 pst. Det samla driftsresultatet for fellesråda i 2005 var dermed positivt, og noko høgare enn driftsresultatet i 2004. Dei samla driftsutgiftene for fellesråda i 2005 var på 2,5 mrd. kroner. Dei kommunale overføringane til fellesråda var noko lågare enn den generelle lønns- og prisutviklinga i kommunesektoren i 2005. I 2005 viser rekneskapane at fellesråda i dei minste kommunane hadde den svakaste inntekts- og utgiftsutviklinga i høve til andre fellesråd, slik situasjonen har vore òg tidlegare år.

Presentasjonen i vedlegget til rundskrivet er den mest utfyllande som vert publisert offentleg, og skal mellom anna tene som dokumentert informasjon om utviklinga i kyrkjeøkonomien frå år til år. Behovet for detaljert informasjon vil variere mellom fellesråda, bispedømmeråda, sentralkyrkjelege organ og andre instansar. Den generelle presentasjonen viser hovudlinjer, men skal likevel gi eit nyansert bilete av utviklinga. I eit eige tillegg er det med meir detaljrike tabellar.

Med helsing

Jørn Hagen e.f.
Avdelingsdirektør

Ole Bernt Langses
seniorrådgjevar

Vedlegg (pdf)